Keeper Kjetil Hansen stod strålande i førsteomgang, men etter kvilen var han involvert i to billege baklengsmål.
Keeper Kjetil Hansen stod strålande i førsteomgang, men etter kvilen var han involvert i to billege baklengsmål.

La seg flat for lagkameratane

Lysekloster-kaptein, Kjetil Hansen, var frykteleg skuffa etter kampen mot Fyllingsdalen.

– Vi vinn og vi tapar som eit lag, men eg låg meg flat i garderoben etter kampen. Eg er skuffa over meg sjølv og korleis vi presterte som eit lag i dag, seier Hansen.

Lysekloster tapte 3–1 heime mot Fyllingsdalen og blei dermed passert av nettopp Fyllingsdalen, og Sotra, som vann 4–3 mot Tertnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kan slå tilbake

Det første målet kom kort tid etter at andreomgang blei sparka i gang. Kjetil Hansen slo ein litt kort pasning til stoppar Mats Walberg. Pasningen blei snappa opp, og Eirik Kampenes skåra for bortelaget. Knappe tre minutt seinare kom 2–0 til Fyllingsdalen. Kjetil Kalve blei spelt gjennom. Walberg tapte løpsduellen og Hansen hamna på mellomdistanse. Kalve lobba ballen over sisteskansen.

Lysekloster kan takka keeper Hansen for at ikkje bortelaget skåra før pause, men det hjelper lite slik kampen utvikla seg.

– Alt som skjedde før kvilen blei viska bort. Eg la meg flat i garderoben. Det er klart, alle mål kan diskuterast kor mykje ein er involvert og kor mykje skuld ein har, men vi er ei fin gruppe som vinn og taper som eit lag. Vi tek ansvar når vi skal ta ansvar. Det er ikkje over endå. Vi har gjort det vanskeleg for oss sjølve, men det er to kampar att og Sotra og Fyllingsdalen skal spela mot kvarandre i siste runde, seier Hansen og legg til:

Kjetil Kalve lobba ballen over Kjetil Hansen.
Kjetil Kalve lobba ballen over Kjetil Hansen.
Tilskodarane, som var heldige og kunne sitja under tak, blei ikkje varma av spelet til heimelaget. Bortelaget vann fullt fortent.
Tilskodarane, som var heldige og kunne sitja under tak, blei ikkje varma av spelet til heimelaget. Bortelaget vann fullt fortent.
Det var lite sprut i Willy Zamble og resten av Lysekloster-angriparane laurdag.
Det var lite sprut i Willy Zamble og resten av Lysekloster-angriparane laurdag.
Ein Fyllingsdalen-spelar kasta seg opp og fekk avverja på strek. Det kunne ha stått 2–2 rett før slutt. I staden gjekk Fyllingsdalen rett i angrep og skåra 3-1-målet.
Ein Fyllingsdalen-spelar kasta seg opp og fekk avverja på strek. Det kunne ha stått 2–2 rett før slutt. I staden gjekk Fyllingsdalen rett i angrep og skåra 3-1-målet.
Even Vetås, som skåra målet til Lysekloster, var også nære på før pause. heddinga frå krittmerket gjekk diverre i tverrliggjar og over mål.
Even Vetås, som skåra målet til Lysekloster, var også nære på før pause. heddinga frå krittmerket gjekk diverre i tverrliggjar og over mål.

– Det er seks poeng å spela om. Vi har slått tilbake før, som då vi tapte mot Sogndal 2 og det såg svart ut.