Ståle Steen Sæthre skåra to for Nest-Sotra, men laget hans tapte 3–2 heime mot Sandnes-Ulf i første kamp på Ågotnes Gress denne sesongen.
Ståle Steen Sæthre skåra to for Nest-Sotra, men laget hans tapte 3–2 heime mot Sandnes-Ulf i første kamp på Ågotnes Gress denne sesongen.

Leverte varene som spiss

Ståle Steen Sæthre skåra to mål for Nest-Sotra heime mot Sandnes-Ulf i helga, men det var ikkje nok til å sikra poeng.

– Det skal gå lang, lang tid før vi taper neste kamp på Ågotnes Gress, seier Ståle Steen Sæthre.

Flytta fram som spiss

Nest-Sotra opna sesongen med tap borte mot Åsane. Søndag spelte dei den første heimekampen for sesongen mot Sandnes-Ulf – med Steen Sæthre som spiss for anledninga. Fusingen gav bergensarane leiinga, før rogalendingane skåra tre. På overtid pynta Steen Sæthre på resultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor spelte du spiss?

– Eg er forsvarsspelar i Nest-Sotra, men eg spelar der trenaren gjev beskjed om at eg skal spela, seier han og legg til:

– Eg blei flytta litt rundt i kampen. Frå spiss til ei rolle som hengjande midtbanespelar. Eg kan ikkje setja tempo frå forsvaret på ein bane som ikkje går an å spela fotball på.

– Skal vinna ekstremt mange kampar

Det blei jobba hardt for å få banen i god nok stand til å spela kamp på. Det fekk dei til, men banen var likevel ikkje noko å skryta av.

– At eg blei flytta fram, hadde nok noko å gjera med baneforholda. Vi kunne ikkje spela som vi plar gjera. Gode spelarar kan spela i fleire roller og prestera – og gjera som trenaren seier, fortel Steen Sæthre.

– Korleis er stemninga etter to strake tap i serien?

– Vi står saman som lag. Stemninga er som ho skal vera. Vi skal utvikla oss og vi skal vinna neste kamp. Vi møter Notodden i neste kamp. Dei kjenner vi godt. Det blir spanande å sjå kva dei kjem med, seier Steen Sæthre, som trur på mange trepoengarar i sesongen.

– Vi skal opp på hesten att og vinna kampar. Så enkelt er det. Vi er ein gjeng med gode fotballspelarar. Vi må berre få orden på eit par ting – så skal vi vinna. Vi skal vinna ekstremt mange kampar i år, seier Steen Sæthre.