Idar Gjerdevik har køyrt gokart sidan han var 8. I helga vart han noregsmeister i sin klasse.
Idar Gjerdevik har køyrt gokart sidan han var 8. I helga vart han noregsmeister i sin klasse.

Lynraske Idar (12) er noregsmeister i gokart

Idar Gjerdevik køyrde «rally» for første gang då han var berre ein halvtime gamal. I helga vann 12-åringen Noregscupen i gokart.

– Idar er ekte fusing. Fødd heime på Fusa. Det gjekk fort med han allereie den gongen, seier mamma Aslaug Gjerdevik og ler.

Kanskje var det i sjukebilen på veg til Kvinneklinikken den vesle pjokken fekk sansen for fart og spenning. Som 8-åring prøvde Idar gokart for aller første gong, og familien hans, som har vore busett på Karmøy dei siste sju åra, forsto raskt at han var hamna på rett hylle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Idar har alltid vore interessert i motorsport. På NMK Haugaland sin gokartbane i Haugesund blomstra han, fekk mange nye vener og viste fort at han hadde eit stort talent for køyring, fortel Aslaug.

Biten av basillen

Det gjekk ikkje lang tid før guten hennar verkeleg var biten av gokart-basillen, og sjølv i debutantløpa sine gjorde fusingen det bra.

– Som debutant må du starta bakarst i feltet uansett kor bra du gjer det. Men Idar køyrde fortast av alle alt då, og etter løpa var det mange som lurte på kven han med nummer 94 på brystet var, og kva i all verda vi hadde gjort med gokarten hans, seier Aslaug.

Trass nokre utfordringar undervegs, klarte 12-åringen å leggja alle konkurrentane bak seg på gokartbanen i Molde. Han sette til og med ny banerekord.
Trass nokre utfordringar undervegs, klarte 12-åringen å leggja alle konkurrentane bak seg på gokartbanen i Molde. Han sette til og med ny banerekord.
Idar Gjerdevik øvst på pallen i Noregscupen i Molde.
Idar Gjerdevik øvst på pallen i Noregscupen i Molde.
Som fersk noregsmeister, vert det mange gode klemmar.
Som fersk noregsmeister, vert det mange gode klemmar.
Då Idar kom heim frå Molde på måndag, stod alle klassekamaratane og heile familien og venta.
Då Idar kom heim frå Molde på måndag, stod alle klassekamaratane og heile familien og venta.

I fjor kom Idar på tredjeplass i Noregscupen. Denne gongen gjekk han heilt til topps. Sjølv med ein litt vel trøblete start.

Vanlegvis er både mamma og pappa Gjerdevik med Idar på løp. Pappa Tor Erik fungerer som mekanikar og coach, medan mamma Aslaug tek ansvar for at guten får i seg sunn og næringsrik mat, samt oppmuntrande heiarop frå sidelina.

På Noregscupen i Molde i hega måtte begge stå over.

– Heldigvis har Idar verdas beste bestefar, Geir Gjerdevik, som aldri er vanskeleg og be, seier Aslaug og legg til:

– Dei var begge litt nervøse før avreise. Tenk om noko gjekk galt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå nedst til øvst

Og det gjorde det. Før tidkøyringa, som legg grunnlaget for plasseringa i dei resterande heata, gløymde bestefar å skru til skrua som held drev og kjede på plass. Dermed hoppa kjeda av, tidkøyringa utgjekk, og 12-åringen måtte starta bakarst i feltet i det neste heatet.

Men duoen var ved godt mot. Målet deira var å visa dei andre deltakarane at det umoglege er mogleg, og i løpet av to innleiande rundar og to finalerundar klatra Idar frå nedst til øvst på resultatlista.

– Eg bestemte meg for at det var berre å plukka seg sjølv opp igjen. Etter første finalerunde låg eg som nummer ti, fortel 12-åringen som for øvrig sette ny banerekord med sju tusendelar i forsøket sitt på å innhenta konkurrentane.

I den siste, og avgjerande finalerunden fekk Idar ein litt dårleg start. 12-åringen låg som nummer tre, men med berre fem rundar igjen, var det berre han og kameraten hans frå NMK Bergen, Nikolai Kiil Finsås, som kjempa om sigeren.

Dei to gutane byta på å vera i têt. Men fusingen drog fordel av all forbikøyringstreninga han fekk i dei innleiande rundane, og passerte målstreken som nummer éin.

– Då sleppte vi jubelen laus både på Karmøy, i Nordsjøen og i Molde, seier Aslaug, som følgte med på utviklinga i løpet på internett.

– Det er både forferdeleg og fantastisk å sjå han i aksjon. Han er jo den vesle guten min. Eg er livredd for at det skal skje noko med han. Samstundes har eg eit enorm konkurranseinstinkt. Eg trur eg heldt pusten gjennom heile den siste finalen, fortel ho.

Formelbil neste

Sjølv trivst Idar som plommen i egget når han kan setja seg i gokarten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg likar alt med sporten. Det er fart og spenning samstundes som du må vera veldig taktisk, seier han.

Måndag var den ferske noregsmeisteren attende på Karmøy. Der fekk han seg ei stor overrasking.

– Då eg kom fram til huset høyrde eg nokon som song: «We are the champions». Plutseleg dukka heile klassen min, heile familien og nokre lærarar opp. Det var litt flaut, men samstundes veldig gøy, fortel 12-åringen.

I desember vert det høgtideleg overrekking av gullmedaljen på Bilsportforbundet sin galla i Oslo.

– Eg kjem til å halda fram med å køyra gokart til eg får tilbod om noko større. Planen er å køyra formelbil, slår 12-åringen fast.

camilla.kvamme@osogfusa.no