Laurdag er det storkamp i Lysefjorden. Munkane møter serieleiar Sotra.
Laurdag er det storkamp i Lysefjorden. Munkane møter serieleiar Sotra.

– Lysekloster vinn skjebnekampen

NordicBet har stor tru på Lysekloster i toppoppgjeret laurdag, men dei meiner at det er spesielt éin Sotra-spelar munkane må sjå opp for.

Laurdag er det storoppgjer på Lysekloster Framo Idrettspark. Sotra er serieleiar eitt poeng framfor Lysekloster, som av oddsekspertane blir peika på som favorittar. Sotra vann det omvende oppgjeret tidlegare i år, men på heimebane er Lysekloster råsterke. Heimeforma til Lysekloster er del av grunnen til at NordicBet trur at munkane rykkjer opp.

– Lysekloster har vore i strålande form på heimebane denne sesongen. Så langt står dei utan tap heim og vi trur at det blir ny siger når Sotra kjem på besøk til helga, seier Joakim Ingebrigtsen, som er PR-manager i spelselskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føler seg sikre på Lysekloster

Om Lysekloster vinn laurdag, vil dei passera Sotra og ta over leiinga i 3. divisjon avdeling 4. I toppen er det jamt, og berre eitt poeng skil dei tre øvste laga.

– Laurdagens oppgjer blir ein skjebnekamp. Laget som taper kan med sannsynlegvis vinka farvel til opprykk. Så jamt er det i toppen, seier Ingebrigtsen.

Sotra har leia avdelinga gjennom store delar av sesongen, men to uavgjortresultat på rad for serieleiarane, har gjeve både Lysekloster og Fyllingsdalen sjansen til å knappa inn forspranget til blåtrøyene.

– Då laga tok sommarpause, toppa Sotra tabellen med seks poeng. Vi følte oss likevel sikre på at det er Lysekloster som vil vinna serien til slutt. No er forspranget redusert til eitt poeng, og Lysekloster har fordelen av å spela på heimebane i toppoppgjera som står att, seier Ingebrigtsen.

Stava med 18 nettkjenningar

Lysekloster er gjort til favorittar på oddsen. Spelselskapet er positive på Lysekloster sine vegner, men likevel peikar Ingebrigtsen ut ein spesifikk Sotra-spelar munkane må sjå opp for.

– Kristoffer Stava er mannen Lysekloster må stoppa laurdag. Sotra-angriparen har vore i kjempeform heile sesongen og står med 18 nettkjenningar i ligaen så langt. Det blir spanande å sjå kva grep Ruben Hetlevik tek for å stoppa Stava, seier Ingebrigtsen.