Mira Hannisdal Nilsen (14) vann gull saman med Åsane J16 på Norway Cup.
Mira Hannisdal Nilsen (14) vann gull saman med Åsane J16 på Norway Cup.

Måtte kvila etter hektiske veker på fotballbanen

Mira Hannisdal Nilsen (14) frå Strandvik vann bronse med Arna-Bjørnar J14 i Dana Cup, og gull med Åsane J16 i Norway Cup. Etter å ha spelt for to ulike lag i begge cupane, venta nokre dagar med kvile, sjølv om Mira helst ville trena.

– Eg trente ikkje på søndag. I går fekk eg trena litt roleg, men i dag får eg endeleg reisa på trening igjen. Det ser eg fram til, seier Mira.

I Dana Cup spelte Mira for klubben sin Arna Bjørnar, både for J14- og J15-laget. I Norway Cup spelte ho med Åsane sitt J14 sjuarlag og for J16. Det blei litt mange kampar på kort tid. Mira var sentral i begge klubbane sine lag og spelte mykje, men å kvila var ikkje strandvikaren interessert i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ville helst ikkje ha pause, men eg får god oppfølging frå Arna Bjørnar, og dei veit vel kva som er best for meg, seier Mira, som er blant spelarane som må springa mest på banen i sin posisjon som sentral midtbanespelar.

Bomma på straffespark

I Dana Cup tok Arna-Bjørnar sitt J14-lag seg heilt til semifinalen kor det blei tap for Kragerø, medan J15-laget rauk for Staal Jørpeland i 32.-delsfinalen. Mira reiste rett vidare til Norway Cup, der det med Åsane J16 blei gull etter imponerande spel. Laget gjekk gjennom heile cupen utan å sleppa inn mål. Etter gruppespelet stod laget med 15–0 i målskilnad. Dei neste kampane vann dei 2-0, 3-0, 1–0 og 1–0 over Nittedal i finalen.

– Det var semifinalen mot Fjellhamar som i grunn var den tøffaste kampen, seier Mira.

Sjuarlaget som Mira var ein del av, gjorde også sine saker bra fram til dei rauk ut.

– Vi rauk ut etter straffesparkkonkurranse mot Lyn, som enda opp med å vinna klassen. Eg bomma på straffesparket mitt. Eg tenkte at det berre var å rulla ballen roleg i hjørnet, men det var sjuarmål, så eg burde ha klemt til. Keeperen redda. Då har eg lært det til neste gong, seier Mira.

Heldigvis blei ho ikkje syndebukk. Det var to andre på laget som også bomma.

Trenar med gutar i Samnanger

– Korleis blei det til at du spelte for Åsane i Norway Cup?

– Eit par jenter som eg er på kretslaget med, spelar for Åsane. Dei spurte om ikkje eg var interessert i å vera med dei til Norway Cup. Det ville eg jo, seier Mira.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis var det å spela på eit nytt lag?

– Det gjekk veldig fint. Ein blir jo kjend med folk, og vi spelte jo berre fotball. Vi budde saman med laget på ein skule, fortel Mira.

I vinter melde Mira overgang til Arna Bjørnar etter å ha trent med laget i eit år. Ho fortel at ho trivst godt i klubben.

– Korleis er det å reisa så langt for å trena?

– Det har ikkje blitt så mykje reising som det kunne ha blitt. Eg har nemleg trent med eit G15-lag i Samnanger to gonger i veka, medan det har blitt to treningar i Arna i veka – pluss kamp, seier Mira og legg til:

– Det er kjekt å spela med gutane også. Dei er større og sterkare og det er berre positivt for meg og utviklinga mi.

Mira er glad for å vera tilbake til treningskvardagen.

– No er det berre til å trena og gjera seg klar til serien startar opp att 23. august, seier ho og smiler.