Terian Kaelo (13) vann i går sitt andre gull i sandvolleyball-NM på like mange år, og ho har sjansen til å ta eit til før NM i Kristiansand er over.
Terian Kaelo (13) vann i går sitt andre gull i sandvolleyball-NM på like mange år, og ho har sjansen til å ta eit til før NM i Kristiansand er over.

NM-dronninga, Terian Kaelo (13)

13-år gamle Terian Kaelo tok i fjor sitt første NM-gull i sandvolleyball. I går følgde ho opp med eit nytt NM-gull i U-15-klassen med ein makker ho aldri har spelt saman med før.

SANDVOLLEYBALL-NM I KRISTIANSAND: Terian Kaelo og makkeren hadde som mål å koma til finalen, sjølv om dei ikkje akkurat kjenner kvarandre godt som volleyballspelarar.

– Julia og eg har verken trent eller spelt saman før. Ho er frå Tønsberg. Vi trefte kvarandre på NM i fjor og blei venar. Då ingen av oss hadde ein makker til NM i Kristiansand i helga, bestemte vi oss for å spela saman, seier Kaelo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viste seg å vera eit sjakktrekk, for dei to 13-åringane gjekk heilt til topps i U-15-klassen.

I ein klasse for seg sjølve

Brødrene Hendrik og Anders Mol er med og hjelper dei unge sandvolleyballspelarane til Strandvik i helga. Anders, som har eit par veker ferie, før han sjølv skal i sving igjen, fortel at han nesten ikkje trur det han ser når han ser Terian Kaelo spela volleyball.

– Det Terian og Julia presterer er vanvitig imponerande. Dei er i ein klasse for seg sjølve, seier Mol.

Brørne Anders og Hendrik Mol støtter Strandvik-spelarane tett gjennom NM i Kristiansand. Frå venstre - Anders Mol, Julia Telle, Jacob Telle, Terian Kaelo og Hendrik Mol.
Brørne Anders og Hendrik Mol støtter Strandvik-spelarane tett gjennom NM i Kristiansand. Frå venstre - Anders Mol, Julia Telle, Jacob Telle, Terian Kaelo og Hendrik Mol.
Eirik Åsmul tok bronse i U-19-klassen saman med Iver Andersland, makkeren frå Stord.
Eirik Åsmul tok bronse i U-19-klassen saman med Iver Andersland, makkeren frå Stord.

Jentene, som er 13 år gamle, hadde full kontroll i sanden, sjølv om dei ikkje har spelt saman før.

– Teriane kan spela med mange ulike makkerar. For ho gjer ein solid jobb sjølv, og er i tillegg er ho ein god lagspelar, seier Mol.

Fleire Kaelo-medaljar?

U-15- og U-19-klassane er ferdigspelte. I tillegg til gullet til Kaelo, tok Eirik Åsmul bronsemedalje saman med makkeren Iver Andersland frå Stord i U-19-klassen. NM held fram med U-17 og U-21, og Kaelo er kanskje ikkje ferdig med medaljesankinga.

– Eg er med i U-17-klassen også, saman med Maria Åsmul, som eg tok gull med i NM i fjor. Ho var for gamal til å vera med i U-15-klassen i år. Difor måtte eg spela med Julia, seier Kaelo.

Strandvik har imponert i inneleiande spel i dag. Familien Mol er aktive både på sidelinja og i sanden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Hendrik og eg skal hjelpa brørne våre, Markus og Adrian, og resten av Strandvik-gjengen. Dei har imponert heile gjengen. Det er så kjekt å sjå at dei gjer det så bra, seier Anders Mol.