Christoffer Hafsås og Enrique Crespo Søvik kunne pusta letta ut då dommaren signaliserte for fulltid. Tre poeng i boks for Os etter 2-1 heime mot Aalesund 2 i kveld.
Christoffer Hafsås og Enrique Crespo Søvik kunne pusta letta ut då dommaren signaliserte for fulltid. Tre poeng i boks for Os etter 2-1 heime mot Aalesund 2 i kveld.

No kan dei glisa

Dei siste minutta var nervepirrande for alle med Os-hjarta. For Christoffer Hafsås på sidelinja, gjekk minutta i sniglefart.

– Etter to uavgjorte kampar på rad, treng vi verkeleg desse tre poenga, sa Os-spiss Christoffer Hafsås til Os & Fusaposten då det stod att ti minutt av oppgjeret mellom Os og Aalesund 2 i kveld.

Hafsås blei byta ut med 30 minutt att av kampen. Då var stillinga 2–1 til Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje det beste treningsgrunnlaget. Det kjem ein kamp alt laurdag. Difor blei vi einige om at eg ikkje skulle spela heile kampen, seier Hafsås og held fram:

– Eg har vore ute med skade nokre periodar. Det same har Endre Brenne. Vi har nok til felles at vi har vore litt for ivrige, starta for tidleg og kanskje spelt for mykje kort tid etter at vi har kome tilbake frå skade. Denne gong skal eg ta det rolegare.

Nytta sjansen

Os har i det heile slite med skader denne sesongen. Ofte på sentrale spelarar, ofte fleire spelarar på ein gong.

Marius Mikkelsen måtte ut med skade i førsteomgang. Han blei erstatta av Ole Martin Kolskogen.
Marius Mikkelsen måtte ut med skade i førsteomgang. Han blei erstatta av Ole Martin Kolskogen.
Christoffer Hafsås sette inn 2-0 for Os i dag. Det var hans tredje skåring i år.
Christoffer Hafsås sette inn 2-0 for Os i dag. Det var hans tredje skåring i år.
Divaldo Cardoso prøvde seg på eit saksespark, og lukkast nesten.
Divaldo Cardoso prøvde seg på eit saksespark, og lukkast nesten.
Øystein Takle Eide fekk sjansen til å gje Os 3-1 eit kvarter før fulltid, men han kom for skrått på, og keeper redda.
Øystein Takle Eide fekk sjansen til å gje Os 3-1 eit kvarter før fulltid, men han kom for skrått på, og keeper redda.

– Alle skadane har hemma oss i kamp, men også i trening. Vi kunne hamla opp med kven som helst om vi hadde kunne spela med den skarpaste ellevaren i kvar kamp. Heldigvis har vi ein brei stall, og dei som har spelt har gjort det bra. Thomas Lunde Fosen som skåra i dag, har ikkje starta sidan cupkampen mot Nest-Sotra. Då skåra han også. Han tek sjansen i dag, og det er kjekt å sjå, seier Hafsås, som stod for det andre målet til heimelaget i dag.

– Eg skåra på straffe mot Haugesund 2 sist. Eg har tre mål så langt i år. Det er ti færre enn eg skulle ønskja at eg hadde hatt så langt. Det har nok noko å gjera med at eg har fått ei litt annleis rolle enn før, ved at eg er meir møtande spiss. Det har fungert godt, og for meg er det det same korleis eg spelar, så lenge det er til det beste for laget, seier Hafsås.

Roleg før pause

Det var ikkje så alt for underhaldande i ruskevêret på Kuventræ i dei første 45 minutta i dag. Os hadde ein god sjanse i starten og ein i slutten av omgangen, men det var bortelaget som kom nærast mål før pause. Divaldo Cardoso, som blei kåra til dagens osing, rota bort ballen i forsvar. Heldigvis for Os, var keeper Anders Fossen Lunde med på notane. Han redda med beina og ballen gjekk til corner. Det påfølgjande hjørnesparket enda med ein heading som strauk stolpen til Fossen Lunde. Det stod 0–0 til pause.

Målrush etter kvilen

Etter kvilen viste Os seg som eit effektivt lag, noko dei har slite med tidlegare denne sesongen. Fire minutt ut i omgangen finn Knut Spangelo Haga lagkamerat Thomas Lunde Fosen på bakrestolpe. Han får god tid og gjer ingen feil i avslutningsaugneblinken. 1–0 til heimelaget. Publikum hadde knapt fått summa seg før heimelaget var frampå igjen. Debutant Alexander Dale serverte Hafsås som auka til 2–0. Få minutt seinare er Aalesund 2 frampå, men skotet går utanfor. Kort tid seinare er reduseringa eit faktum. Markus Seehusen Karlsbakk fekk ballen etter eit innlegg frå høgre, og kunne roleg rulla ballen i det lengste hjørnet. Då var det spelt 55 minutt. Fleire av dei tilreisande trudde nok at utlikninga var sikra etter 62 minutt, men avslutninga frå rett utan for 16-meteren rulla i stolpen og ut i spel igjen.

Kapteinen ute i neste?

Etter dette klarte ikkje bortelaget skapa stort. Os-innbytar Øystein Takle Eide fekk ein god sjanse til å auka til 3-1-, men vinkelen blei skrå, og keeper hadde god kontroll på avslutninga. Aalesund 2 hadde ein ball i nettet etter 85 minutt spelt, men då hadde linjedommaren alt vore oppe med flagget og vinka for offside. Os tok dermed sin første trepoengar sidan heimekampen mot Brann 2 11. juni. Neste kamp går mot opprykksjagande Brattvåg laurdag, ein kamp Os-kaptein Marius Mikkelsen kanskje går glipp av. Han måtte ut i førsteomgang i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg stod klar til å hoppa opp i ein duell. Eg fekk eit kakk bakpå foten då eg skulle til å gå opp i duellen. Eg veit ikkje kva som er skjedd, men det er noko gale i leggen, seier Mikkelsen.