OS G17-2 skal møta Kolbotn IL i semifinalen i A-sluttspelet i Norway Cup i ettermiddag.
OS G17-2 skal møta Kolbotn IL i semifinalen i A-sluttspelet i Norway Cup i ettermiddag.

Nok eit Os-lag til semifinalen

Os G17-2 var solide gjennom gruppespelet, og ser ut til å halda fram i det same sporet i finalerundane.

– Eg er kjempestolt over gutane, seier Os-trenar John Ole Johannessen og held fram:

– Vi har sprunge over motstandarane i heile turneringa. Vi øydelegg alt spel som motstandarane prøver på. Eg trur det er det som gjer at vi har hatt så stor suksess i Norway Cup så langt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møter Kolbotn

Os-gutane vann tre kampar og spelte ein uavgjort i gruppespelet. Det gjorde at dei vann gruppa og tok seg direkte til kvartfinalen. Dei har difor hatt spelefri onsdag og torsdag.

– Eg såg på motstandarane våre, Svelvik, at dei var slitne. Dei spelte i går også. Vi var utkvilte. Det å ha fleire dagar spelefri enn motstandaren kan slå begge vegar. Men spelarane tok tak. Denne kampen var kjempeviktig for dei. Vi har knapt snakka om noko anna sidan tysdag. Eg er kjempenøgd, seier Johannessen.

Målskårarar: Steffen Kvamsdal og Harry Moore.

Kolbotn slo amerikanske ASAL FC, og blir Os sin motstandar i semifinalen, som har avspark i ettermiddag klokka 17.00.