Det var tydeleg at Os-spelarane var letta etter å ha skåra 2-0 nokre minutt før slutt.
Det var tydeleg at Os-spelarane var letta etter å ha skåra 2-0 nokre minutt før slutt.

Ny heimesiger: Etter eit til tider intenst oppgjer, kunne Os jubla for den tredje heimesigeren på rad

– Eg er nøgd med at det blei tre poeng, men eg er mindre nøgd med gjennomføringa, seier Os-trenar Endre Brenne, etter kampen mot Bergen Nord fredag kveld.

Før Brann 2 kom på besøk på Kuventræ 26. august, hadde Os til gode å vinna på heimebane denne sesongen. Den kampen enda som kjent 1–0 til Os. Sidan har det blitt 10–0 mot Valdres og fredag kveld blei det 2–0 mot Bergen Nord, i ein til tider intens og kaotisk kamp.

– Vi har god kontroll i førsteomgang. Etter kvilen verkar spelarane prega av nervar, og det er til tider kaotisk, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viktigast med tre poeng

Os tok leiinga etter 19 minutt på straffespark. Mats Cato Moldskred var sikker frå kritmerket. Elles var det ikkje mange sjansar å skriva heim om. Bortelaget klarte ikkje skapa noko som helst. Etter kvilen var bortelaget i alle fall i nærleiken av å skapa sjansar. Dei fekk mellom anna eit par mogelegheiter på overgangar, men utnytta ikkje desse godt nok. Brenne nemnde at spelarane var prega av nervar. Dette kom til syne ved at det etter kvart blei ein del kjefting mellom spelarane. Ein av dei som sa ifrå, var spelande assistenttrenar, Rune Mo.

– Kva var det du var misnøgd med?

– Vi har mange enkle balltap. Kollektivet tek ikkje ansvar, seier Mo, som også gav uttrykk for at det var for lite bevegelse framfor ball.

– Det var ikkje berre dei som spelte framme. Det var heile laget som ikkje presterte. Det skal også seiast at det var ikkje mykje bortelaget klarte å skapa. Det viktigaste i dag var tre poeng, seier Mo.

Innbytarane sytte for 2–0

Os gjorde fire byter i andreomgang. Tre av dei var sentrale då Frode Storebø sytte for 2–0 nokre minutt før slutt. Anders Havsgård gjorde flott forarbeid på høgresida, og fann Sander Fagerbakke Kvittingen i midten, som rulla vidare til Storebø på venstresida – som sende ballen i mål på første touch. Bergen Nord gav ikkje opp, og var nære på etter eit hjørnespark på overtid, men Alexander Dale fekk avverja på strek.

Neste heimekamp for Os er 5. oktober mot Fjøra.