Simen Næss skåra heile sju mål mot Valdres laurdag. Her feirar han etter det første.
Simen Næss skåra heile sju mål mot Valdres laurdag. Her feirar han etter det første.

Ny klubbrekord: Lysekloster vann heile 19–0 mot Valdres

Valdres har fått juling fleire gonger denne sesongen, men aldri i nærleiken så grundig som mot Lysekloster.

Det var nok ikkje mange som hadde spelt på bortesiger på førehand. Valdres verkar å vera i full oppløysing, med fleire stygge. Sist tapte dei 0–11 mot Vard-Haugesund. Då dei i tillegg stilte med elleve spelarar – ingen innbytarar, og ein av spelarane måtte gje seg grunna skade midtvegs i førsteomgang, såg alle som var til stades at dette kom til å bli stygt.

Næss med sju mål

Sjeldan har ein sett ein fotballkamp på dette nivået der eit lag har produsert så mange sjansar. Det skulle ta sju minutt før Lysekloster fekk den første skåringa for dagen. Dino Omerovic vann ballen på midtbanen, og sende i veg Karol Zielinski med ein stroken pasning. Zielinski rulla ballen inn framfor mål, og Simen Næss skåra sitt første av totalt sju mål for kvelden. Spisskollega Zielinski, som skåra fire laurdag, stod for mål nummer to etter flott forarbeid frå Thorvald Trætteberg. Even Vetås banka inn 3–0 med eit langskot etter eit kvarter, før Simen Næss skåra fire mål på 17 minutt før kvilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigeren kunne ha vore mykje større

Heimelaget fekk enorme rom, særleg i mellomrommet, så motstandarane fekk aldri tid til å henta pusten før heimelaget kom på ei ny bølgje. Etter kvilen skåra altså heimelaget heile tolv mål – men det kunne ha vore langt fleire. Både i førsteomgang og i andreomgang gjekk fleire store sjansar til spille, og aluminiumen stod og rista tallause gonger. Simen Næss hadde i tillegg til sine to mål etter kvilen, tre ballar i nettet, men han linjedommaren vinka for offside på dei. Då Lysekloster gjekk opp i 16–0 kunne speakeren opplysa om at det var ny klubbrekord. Den førre, mot Laksevåg 2 i 2011, var nemleg 15–0. Munkane fekk ein forrykande start på haustsesongen, og ligg berre fire poeng bak Djerv 1919 på toppen av tabellen. Vard-Haugesund har ein kamp mindre spelt, og kan ta tabelltoppen med siger heime mot Os i kveld.