Vegard Leikvoll Moberg har fått lite speletid den siste månaden grunna skade. Han håpar at nokre dagar med fri skal gjera godt for kroppen, og at han kjem attende sterkare seinare i sesongen.
Vegard Leikvoll Moberg har fått lite speletid den siste månaden grunna skade. Han håpar at nokre dagar med fri skal gjera godt for kroppen, og at han kjem attende sterkare seinare i sesongen.

Ny skade held Leikvoll Moberg på sidelinja

Anklane har plaga Vegard Leikvoll Moberg i over ein månad, men det er ein strekk i leggen som no set han ut av spel.

Då Os & Fusaposten vitja osingen i Bodø i april, fortalde han at han hadde problem med begge anklane. Kort tid etter fekk han eit nytt overtråkk.

– Eg spelte heime kampen mot Rosenborg måndagen etter og Kristiansund-kampen, men mot Sarpsborg var eg på benken. Då var ankelen øydelagt, fortel osingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har også stått over cupkampar. Det var eigentleg berre mot 13. mai at han var frisk nok til å spela. Då kom han inn som innbytar og bidrog til ein viktige skåringa til Kristian Fardal Opseth, som sikra 2-1-siger på overtid.

– Eg skulle spela mot Tromsø 16. mai, men då klarte eg å få ein strekk i leggen under oppvarminga. Utruleg kjipt, seier han og legg til:

– Vi har førebels ikkje teke bilete av leggen. Eg håpar vi får gjort det i morgon. Eg trur ikkje eg er klar til neste kamp, men etter det er det ei veke med spelefri. Eg håpar at eg er klar mot Stabæk 10. juni, seier Leikvoll Moberg.

Ser fram til ein tur sørover

Sesongstarten har ikkje vore imponerande av laget som viste god flyt i treningskampane i vinter. Det har blitt ni poeng på elleve kampar. Sist tapte dei mot Start, som ikkje hadde vunne sidan opningsrunden 11. mars.

– Dei to siste kampane har vore tamme og energilause frå vår side. Det er vanskeleg å seia kvifor. Om vi hadde vore i flyten hadde vi nok hatt meir energi, men alle spelarane går ut på banen for å gje alt og for å vinna fotballkampar. Alle vil, men i det siste har det ikkje fungert. Det er mange kampar å snu trenden på. Vi må berre koma oss i gang igjen, seier Leikvoll Moberg.

No håpar osingen at litt kvile skal gjera godt, og at skadane skal bli borte.

– Eg ser fram til å reisa til Syden neste veke. Vi har fem dagar fri, så eg reiser til Sogndal for å vera med kjærasten min, seier han og ler.