Sverre Lunde Pedersen imponerte i Heerenveen søndag, og kom på tredjeplass på 5.000-meter. (Arkivfoto)
Sverre Lunde Pedersen imponerte i Heerenveen søndag, og kom på tredjeplass på 5.000-meter. (Arkivfoto)

Ny suksess på isen

Søndag vart nok ein god dag for dei norske skeiseløparane i Heerenveen. Sverre Lunde Pedersen tok ein sterk 3. plass på 5000-meter.

Pedersen gjekk i mål på tida 6.15,81, og vart berre slegen av nederlendaren Sven Kramer (6.12,88) og Ted-Jan Bloemen (6.14,95) frå Canada, som var siste par ut.

– Ein bra tid. Eg er godt nøgd, sa hovudpersonen sjølv til NRK etter løpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag overraska Håvard Holmefjord Lorentzen, som er halvt fusing, heile skeiseeliten då han tok sin første verdscupsiger på 500 meter. Lorentzen vann distansen på sterke 34,69.

Søndag slo Lorentzen, som er lagkamerat med Pedersen i Fana IL, til igjen. Då skøyta han inn til 3. plass på favorittdistansen sin, 1.000 meter, med tida 1.08,28.

Lorentzen vart slegen av russiske Pavel Kulizjnikov med 31 hundredeler, medan Kai Verbij var 16 hundredelar raskare enn nordmannen.

Som om ikkje det var nok. Lorentzen sikra seg òg ein andreplass i lagsprinten søndag ettermiddag. Canada vann, medan Russland tok tredjeplassen.

camilla.kvamme@osogfusa.no