Kuventræ har ikkje vore eit fort så langt denne sesongen. Fire heimekampar har berre gjeve eitt poeng. (Alle
Kuventræ har ikkje vore eit fort så langt denne sesongen. Fire heimekampar har berre gjeve eitt poeng. (Alle

Nytt heimetap: Os slit med å ta poeng på Kuventræ

Det blei nok eit tap på Kuventræ då Sogndal 2 kom på besøk laurdag. Os står dermed med eitt poeng på fire heimekampar i år.

Os starta kampen med å pressa høgt, piska fram av trenarane Endre Brenne, og assistent Rune Mo, som var på sidelinja grunna ein skade. Dei fekk utteljing etter vel 13 minutt spelt. Roger Ekeland blei spelt gjennom. Keeper redda avslutninga, men Fabian Bødtker hadde følgt opp og kunne springa ballen i mål. Heimelaget heldt fram med å pressa på, men eit flott angrep frå bortelaget, resulterte i balanse i rekneskapen. Alioune Ndour, som spelte ein god kamp for bortelaget, utlikna.

Bomma på ballen

Bortelaget skapte ikkje stort meir før kvilen. Dei hadde eit par halvsjansar. Bødtker var nære på å gje Os leiinga rett før kvilen etter at Divaldo Cardoso heada ballen inn i feltet, og Rafael Villen Villen flikka ballen vidare til Bødtker, som i sin tur flikka ballen mot mål, men keeper fekk ei hand på avslutninga. Andreomgang heldt i starten fram som førsteomgang. Mats Cato hadde mange avslutningar i dag, men det blei ingen mål på kantspelaren. Då gjorde han det betre som servitør. Eit nydeleg slått frispark etter 55 miniputt fann kaptein Marius Mikkelsen framfor mål. 2–1 til heimelaget. Det var ikkje lenge Os-spelarane fekk nyta leiinga, for berre fem minutt seinare var bortelaget frampå. Eit innlegg frå høgre, som keeper Chris Sunde Midtun bomma på, gjekk rett til Adrian Solberg, som hadde få problem med å utlikna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre poeng over streken

Moldskred sin beste avslutning kom etter 67 minutt då han trekte seg inn i banen og fyrte i veg eit knallhardt skot som trefte tverrliggjar. Ekeland følgde opp og skåra, men linjedommaren vinka for offside. Resten av forsøka til Os stod Moldskred for, men det ville seg ikkje for han i dag. Ti minutt før slutt fall avgjerda. Nemnde Ndour, viste at han også kan skåra mål på hovudet då sende ballen til høgre for keeper etter eit innlegg frå høgresida. Os står med sju poeng på sju kampar, tre poeng over streken. Neste kamp er borte mot Valdres laurdag. Valdres står med tre poeng så langt.

Spelarbørs kjem i morgon.