Sofie Evensen tok eit nytt LS-gull i dag, to år etter det førre.
Sofie Evensen tok eit nytt LS-gull i dag, to år etter det førre.

Nytt LS-gull til Sofie Evensen

For to år sidan tok ho gull på Landsskytterstemnet på Lesja. I dag toppa Sofie Evensen podiet på LS i Førde.

– Eg brydde meg eigentleg ikkje om korleis det gjekk, seier Sofie Evensen, etter å ha teke gull i feltskyting i klassen eldre rekrutt.

Ho var tydeleg glad då Os & Fusaposten ringde, men det var nesten som at det ikkje hadde gått heilt opp for Sofie at ho igjen hadde skutt til gull på LS. Kanskje er det fordi ho var på 11. plass før finalen. Men forrykande skyting førte ho ut i omskyting med ei anna jente.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, du kan godt seia at skytinga var on point. Eg var eigentleg ikkje klar for å ein finale, kanskje var det difor det gjekk så bra, seier Sofie.

Sofie vann med 12/11 mot 12/10.

– No skal vi sjå på Amalie (storesøstera). Ho er på veg til å gjera seg klar for finaleskyting, seier Sofie.