Det ser ut til å bli ein uhyre spanande innspurt i 3. divisjon.
Det ser ut til å bli ein uhyre spanande innspurt i 3. divisjon.

Opprykkskampen tettar seg til: Kven trekkjer det lengste strået?

I fjor kjempa Lysekloster med Brattvåg om opprykket heilt til siste spark på ballen. I år er tre lag involverte opprykkskampen, og det er uhyre jamt med tre kampar att.

Fyllingsdalen–Brann 2 speler måndag kveld. Fyllingsdalen kan ta over tabelltoppen med siger.

Eitt poeng nok til tabelltopp

Lysekloster kunne ha teke over tabelltoppen førre helg med siger over Sotra, men dei rota bort ei 2-0-leiing i andreomgang, etter å hagitt bort to mål, ifølgje trenar Ruben Hetlevik. Det dei ikkje klarte sist helg, fekk dei til i helga – sjølv om dei ikkje klarte å ta med seg tre poeng frå borteoppgjeret mot Øystese. Lysekloster tok leiinga, men Øystese kom tilbake og kampen enda 1–1. Samstundes tapte Sotra overraskande 2–1 heime mot Brodd. Lysekloster gjekk dermed forbi på betre målskilnad (tre mål betre).

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik går innspurten føre seg

Dei to laga står med 49 poeng. To poeng bak er Fyllingsdalen 2, med ein kamp mindre spelt. Med siger mot Brann 2 måndag kveld vil dei altså ta over tabelltoppen, men løpet er langt frå køyrd for Lysekloster. Kommande laurdag er det nemleg storkamp i Lysefjorden igjen. Då kjem nemnde Fyllingsdalen på besøk. Sotra, som er i klart dårlegast form av topplaga (tre poeng på dei siste fire), møter Tertnes heime.

På papiret er det Sotra som har det enklaste programmet med Tertnes, og Øystese, før dei i siste kamp møter Fyllingsdalen heime.

Fyllingsdalen har det tøffaste programmet av dei tre med Lysekloster borte, Brodd heime og Sotra borte. Lysekloster vil med stort sannsyn rykkja opp om dei skulle vinna dei tre siste kampane. Det som kan velta eit opprykk då, er om Sotra gjer det same og samstundes klarer å gå forbi Lysekloster på målskilnad.