Vegard Strønen Skeie takkar Fana-trenar Ørjan Håland for kampen, og fekk med seg skryt på vegen.
Vegard Strønen Skeie takkar Fana-trenar Ørjan Håland for kampen, og fekk med seg skryt på vegen.

Ørjan Håland vann trenarduellen

Endre Brenne (Os) og Ørjan Håland (Fana) debuterte som trenarar for laga sine i kveld. Det var sistnemnde som kunne gå sigrande ut av duellen mellom dei to kameratane.

– Klart det er kjekt slå Endre, seier Håland nøgd.

– Eg bryr meg ikkje så mykje om resultatet i denne treningskampen. Vi vil alltid vinna – sjølvsagt, men det var ikkje fokus i dag. Eg slår heller Håland i serien, seier Brenne og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fana vann begge omgangane

Dei to laga spelte sin første treningskamp for året torsdag kveld. Brenne, som har teke steget opp som trenar etter å ha spelt i klubben i nokre år, møtte Håland, som har lang fartstid i Os både på banen og på sidelinja. Os var det førande laget i førsteomgang, men det var Fana som gjekk til pause med 1-0-leiing. Det blei gjort mange byter i pausen. Marius Mikkelsen, Sander Fagerbakke Kvittingen, Rafael Villen Villen og Fabian Bødtker var blant dei som starta på benken, men som kom inn i kvilen. Sentrale spelarar kom inn, men dei mange byta prega nok spelet litt. Dei siste 45 blei jamne, og det såg aldri heilt ut som at Os skulle klara komma tilbake etter at Fana auka til 2–0 tidleg i andreomgang etter rot i forsvaret til Os. Fagerbakke Kvittingen hadde ein stor sjanse, Villen Villen og Bødtker fekk begge sjansen trefte stanga på ein dobbeltsjanse, men Fana verka ha brukbar kontroll på det meste Os kom med.

Byggjer relasjonar

– Du kom med mange gode ord til spelarane dine undervegs, Håland. Var du nøgd med det dei leverte i kveld?

– Det er kjekt å sjå at dei lukkast. Ein ting er at dei jobbar og står på, men det at dei løyser ting saman og byggjer relasjonar er veldig kjekt å sjå som trenar. Då får dei skryt, seier Håland og legg til at det er ei fersk gruppe han er trenar for.

Håland meiner Fana sin 16 år gamle keeper var banens beste i kveld.
Håland meiner Fana sin 16 år gamle keeper var banens beste i kveld.
Sander Fagerbakke Kvittingen fekk ballen forbi keeper, men diverre for Os trefte han ikkje mellom stengene.
Sander Fagerbakke Kvittingen fekk ballen forbi keeper, men diverre for Os trefte han ikkje mellom stengene.
Warhel Suleman er på prøvespel i Os. og Os-trenar Endre Brenne meiner at han gjorde ein grei figur mot Fana torsdag kveld.
Warhel Suleman er på prøvespel i Os. og Os-trenar Endre Brenne meiner at han gjorde ein grei figur mot Fana torsdag kveld.
Rafael Villen Villen trefte tverrliggjar. Returen landa i føtene til Fabian Bødtker, som skrudde ballen i innsida av stanga.
Rafael Villen Villen trefte tverrliggjar. Returen landa i føtene til Fabian Bødtker, som skrudde ballen i innsida av stanga.
instruksar frå Håland før andreomgang.
instruksar frå Håland før andreomgang.
Endre Brenne peika og forklarte på ein minitavle.
Endre Brenne peika og forklarte på ein minitavle.
Vegard Strønen Skeie var nære på med eit hovudstøyt i førsteomgang.
Vegard Strønen Skeie var nære på med eit hovudstøyt i førsteomgang.
Mats Cato Moldskred kunne ikkje forhindra at det blei tap i debuten for Brenne, men det er heldigvis berre første treningskamp for året.
Mats Cato Moldskred kunne ikkje forhindra at det blei tap i debuten for Brenne, men det er heldigvis berre første treningskamp for året.
Ørjan Håland kunne smila etter å ha vunne over Os i debuten som Fana-trenar.
Ørjan Håland kunne smila etter å ha vunne over Os i debuten som Fana-trenar.

– Halve laget er nye spelarar frå i fjor. Fana mista ein del sentrale spelarar etter sesongen og nye kostar er komne til. Ein ting er å trena saman. Det er noko heilt anna å spela kampar i lag. Det tek tid å byggja relasjonar, men det er kjekt å sjå at dei er godt i gang med det.

Ein del å ta med seg

Håland trekkjer fram sin 16 år gamle keeper som dagens beste spelar.

– Det er fasar i kampen kor ein ser at Os er eit veldig godt lag og meir samspelte enn oss. Det er ting vi må jobba med. Keeperen vår var dagens beste. Han er berre 16 år. Eg og Endre snakka om det før kampen. Vi har to unge lag, med mange spanande spelarar. Det er ei gruppe som det er kjekt å jobba med, seier Håland.

Endre Brenne, såg ein del i dagens treningskamp som er verdt å ta med seg.

– Vi er gode på press og gjenvinning inni mellom, men det er ein lang veg å gå. Vi ser konturen av ein del som vi har snakka om. Totalt sett er eg nøgd med gjennomføringa. Vi har filma videoen og skal gå gjennom opptaket saman med spelarane, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ivrig spelargruppe

I tillegg til at fleire unge spelarar fekk visa seg fram, hadde Os med seg Trio-spelaren Warhel Suleman, som er på prøvespel.

– Han har trent med oss i halvanna veke og klarte seg bra i dag. Vi får sjå kva det blir til, seier Brenne, som er godt nøgd med det han har sett av gruppa sidan han byta rolle spelar til trenar.

– Vi har vore plaga av isete forhold på Kuventræ. Vi har køyrd ekstraøkter, og spelarane har vore toppmotiverte for det. Det er nesten slik at vi må bremsa dei litt slik at det ikkje blir for mykje. Ei flott gruppe, seier Brenne.