– Vi fann fullt fortent, seier Fana-trenar Ørjan Håland etter 2-0-sigeren over Lysekloster.
– Vi fann fullt fortent, seier Fana-trenar Ørjan Håland etter 2-0-sigeren over Lysekloster.

Ørjan Hålands unge Fana-lag blei for sterkt for Lysekloster

– Lysekloster fekk det vanskeleg mot oss. Ei solid gjennomføring av gutane, seier Fana-trenar, Ørjan Håland.

Søndag ettermiddag var det duka for eit aldri så lite lokaloppgjer i Lysefjorden, då Fana tok turen over fjellet. Begge laga stod med fire poeng før kampstart. Det var bortelaget som såg ut til å ha størst ynske om å auka poengfangsten. Det var jamspelt før Fana tok leiinga. Då kom førsteomgangs einaste skåring. Anders Moe Lund fekk to sjansar. Etter at Maciej Raniowski redda første skotet, var Fana-spelaren sikker på andre forsøket, og sende bortelaget i leiinga.

Kunne fort skåra fleire

Det var nok mange på tribunen som sat og venta på at heimelaget skulle koma i gang, men dei blei nok skuffa av det dei fekk sjå frå vertene. I staden var det gjestene som auka til 2-0, då Sander Pettersen fekk stå heilt åleine på ein dødball og flukta ballen vidare i mål. Fana kunne fort ha skåra fleire, men Raniowski og tverrleggjaren stoppa det som kom. Lysekloster på si side hadde nokre småsjansar. Stoppar Damian Garbacik hadde eit par gode forsøk med hovudet, men verken han eller lagkameratane fann vegen til nettmaskene søndag. Stopparkollega Denis Ljubovic så ut til å bli snytt for straffe på tampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sendt på tribunen – igjen

Mot slutten av oppgjeret blei Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik vist på tribunen for andre gong denne sesongen. Det var ein del tøffe duellar som dommarane let passera. Likevel, meiner Håland at dette er den beste dommartrioen han har sett på dette nivået.

– Dei var flinke til å venta med å blåsa, og gav heller fordel. Såg dei at det ikkje var fordelaktig, drog dei situasjonen tilbake og dømde frispark – og nokre gonger gav dei kort i etterkant. Dei var profesjonelle. Lista låg dei høgt, og let ein del tøffe duellar gå, men slik skal det vera. Rett og slett veldig bra, seier Håland.

– Eg og Ruben er i same båt

Lysekloster står med fire poeng på like mange kampar. Fana har no sju poeng. Håland blei ikkje imponert av det heimelaget leverte søndag, men han trur at dei kjem sterkare utover i sesongen.

Heimelaget skapte skremmande lite. Nærmast kom midtstoppar Damian Garbacik, som hadde to gode forsøk med hovudet etter dødball.
Heimelaget skapte skremmande lite. Nærmast kom midtstoppar Damian Garbacik, som hadde to gode forsøk med hovudet etter dødball.

– Det er mange som snakkar om at Lysekloster har hatt så store utskiftingar i laget. At dei er eit nytt lag. Det gjeld også oss. Vi mista ni spelarar før sesongen. Nokre gav seg med fotball, medan andre trappa ned eller tok steget vidare opp. Eg føler at eg og Ruben er i same båt. Eg kan sjå at dei har mange gode fotballspelarar, men eg såg søndag at det var mange gode fotballspelarar som spelte for seg sjølv. Dei kjem nok til å bli betre som lag etter kvart.

Eit stor ynske om å utvikla seg

Håland er nøgd med starten av sesongen, med det unge mannskapet som utgjer A-laget til Fana. Gjennomsnittsalderen er kring 20–21 år.

– Som eg seier til folk i Fana, og til folk utanfor Fana, laget er av veldig unge fotballspelarar. Det er ein 17-åring sentralt på midtbanen. Midtstoppar Walberg er den eldste spelaren. Han er 25 år. Det er ein utruleg kjekk gjeng å vera trenar for. Dei kjem til å veksa som fotballspelarar, og det er ikkje berre trenaren si forteneste. Dei angrip kvar trening med eit ynske om å bli betre, seier Håland.

Neste sjanse for Lysekloster til å ta tre poeng, er borte mot Fjøra komande søndag. Håland og gutane skal til Drammen og møta Strømsgodset 2.