Os Fotball donerer pengar til Rosa sløyfe-aksjonen og gjer siste A-kamp gratis for publikum
Os Fotball vil i oktober samla inn pengar til Rosa Sløyfe-aksjonen. Som ein del av det arbeidet, vil dei la publikum få koma inn gratis på siste heimekamp for sesongen.
– Os Fotball støtter Rosa sløyfe-aksjonen og vil i oktober samla inn pengar, og vise merksemd og omtanke til dei som er råka av brystkreft, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.
Vidare seier Brenne at Os Fotball ønskjer å støtta av aksjonen ved å donera 50 prosent av inntektene per selde kopp med varm drikke i oktober.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppmodar sponsorar og næringsliv
Neste laurdag spelar herrane sin siste heimekamp for i år. Ordinær pris for ein billettar 50 kroner, men denne kampen er gratis for publikum.
– Vi vil heller oppmoda publikum til å donera ei valfri sum til Rosa sløyfe-aksjonen. Samstundes vil vi oppmoda alle medlemmene i klubben, sponsorar og anna næringsliv til å bidra til aksjonen, seier Brenne.
Ein kan gje eit bidra til aksjonen gjennom Vipps-nummer: 122530. Os Fotball opplyser at ein også kan gje eit bidrag til på kontonummer. Då er det berre til å kontakta klubben.
– Os Fotball bryr seg og ønskjer å støtta aksjonen. Bli med og vis omtanke til alle som er råka av sjukdomen, seier Brenne.
Om Rosa sløyfe:
Rosa sløyfe-aksjonen er ein kampanje for å retta merksemd og omtanke til brystkreft. Kampanjen blir gjennomført kvart år i oktober-månad og er i denne månaden ein del av ein internasjonal «folkebevegelse» for merksemd om brystkreft og solidaritet med dei som er råka av brystkreft. Brystkreftforeningen og Kreftforeningen er saman om aksjonen.