Os Fotball har starta Os-TV for å visa fram alt det spanande som skjer i klubben.
Os Fotball har starta Os-TV for å visa fram alt det spanande som skjer i klubben.

Os Fotball med TV-satsing

– Det fengjer med video. Os-TV er ein spanande måte å få fram alt vi held på med, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

– Endeleg har vi fått oppretta eigen TV-kanal i klubben. Os TV vil følgja ulike aktivitetar i klubben. Alt frå cupar til arrangement til daglege aktivitetar på Kuventræ, skriv Brenne på heimesida til klubben.

Så langt har dei laga video frå treningskampane mot Øystese og Haugesund 2, i tillegg til ein video frå Superweekend på Kuventræ i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt lyst til at vi skulle starta vår eigen kanal i lang tid. Eg har sett på klubbane som ligg høgare i divisjonane og kva dei har fått til. Vi har mange spanande prosjekt som fotballskular og arrangement, og eg tenkjer at det er naturleg at også vi får ein kanal der vi kan visa fram kva vi held på med, seier Brenne.

Vil visa høgdepunkt frå kampane

Når dei først kom i gang med TV-satsinga, gjekk det ikkje lang tid før dei var “på lufta”.

– Vi har jobba med det i ein månads tid. Marius Mikkelsen er medieansvarleg og Mats Cato Moldskred gjer intervjua.

Det vil i tillegg til høgdepunkt frå A-lags-kampane, bli vist mykje spanande frå heile klubben. I saka på heimesida skriv Brenne at dei tek i mot tips om aktivitetar og arrangement som kan vera kjekke å dokumentera.

– Det er ikkje meint som at vi tek i mot oppdrag utanfrå. Det er ei melding til dei som er del av klubben. Om det til dømes er eit lag som skal i klatreparken Høyt og Lavt, kunne det ha vore kjekt å få på Os-TV.