Her utlikna Roger Ekeland til 2-2 for Os, som kjempa seg tilbake før pause etter å ha hamna under 2-0 tidleg. Det blei likevel eit nytt heimetap måndag.
Her utlikna Roger Ekeland til 2-2 for Os, som kjempa seg tilbake før pause etter å ha hamna under 2-0 tidleg. Det blei likevel eit nytt heimetap måndag.

Os har tatt eitt poeng på heimebane i vår: – Vi er sjølvsagt ikkje nøgde med det

Kuventræ-marerittet held fram for Os etter å ha tapt 4–2 mot Strømsgodset 2.

– Vi blir hardt straffa for eigne feil. Spesielt på Kuventræ. Motstandarane har vore effektive og vi treng fleire sjansar for å skåra mål, seier Os-kaptein Marius Mikkelsen, som er sikker på at Os kjem til å snu trenden til hausten.

– Vi skal snu det i haust. No må vi berre rista av oss skuffelsen og sjå fram mot fredagens kamp borte mot Fjøra – den siste før ferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje gode nok

Mikkelsen meiner at kampen mot Strømsgodset 2 totalt sett var under pari.

– Vi fekk ein grufull start, men jobba oss inn igjen. Då vi gjekk til pause med 2-2, hadde vi tru på at vi skulle ta det. At dei fekk straffe i starten av andreomgang var eit slag i trynet. Vi blei straffa for våre feil i dag. Vi hadde sjansar til å utlikna før dei auka leiinga. Vi var ikkje gode nok i forflyttingane kollektivt og individuell i dag, seier Mikkelsen.

Hamna under 2–0 tidleg

Det var bortelaget som opna best, og alt etter 11 minutt på klokka hadde dei putta to på Anders Fossen Lunde i Os-buret. Det første kom etter åtte minutt. Bortelaget slo eit kort hjørnespark før innlegget kom. Aleksander Stenseth stussa ballen forbi keeper som var på halvdistanse. Berre tre minutt etter broderte Strømsgodset 2 seg gjennom forsvaret til Os og Tobias Gulliksen sytte for ny nettsus for bortelaget. Då såg det tungt ut for heimelaget i regnet på Kuventræ.

Vegard Skeie måtte forlata banen eit kvarter før slutt etter å ha fått to gule på ti minutt.
Vegard Skeie måtte forlata banen eit kvarter før slutt etter å ha fått to gule på ti minutt.

Os trudde dei hadde redusert

Det såg plutseleg lysare ut då Roger Ekeland sitt innlegg gjekk i ein forsvarsspelar og i mål. Det blei først dømd mål, men etter å ha snakka med linjedommaren, valte dommar Bjørn-Ketil Olsen å annullera skåringa.

– Først blei det oppfatta at ballen blei spelt gjennom av ein av bortelaget sine spelarar. Det som skjedde var at Os-spelaren slo ballen i ein av bortelaget sine spelarar. Han hadde ikkje moglegheit til å flytta på seg eller avverja det. Det er då offside på Os-spelaren som tok imot ballen og slo innlegget, fortel han.

Uavgjort til pause

Reduseringa skulle koma få minutt seinare. Mats Cato Moldskred fekk frispark, og tok det kjapt. Han fekk tilbake ballen og dansa forbi nokre forsvarar før han klinka ballen i mål. Då var heimelaget på hogget, og etter 35 minutt var utlikninga eit faktum. Os-kaptein Marius Mikkelsen fekk eit gjennomspel og klarte å krangla ballen vidare til Ekeland som var kontant i avslutninga. Laga gjekk til pause med 2–2.

Raudt kort til Skeie

Andreomgang var knappe fem minutt gammal då bortelaget fekk straffe etter at Rune Mo takla ein mann i boksen, og bortelaget tok føringa på ny. Os hadde eit par sjansar til å utlikna, mellom anna ved Harry Moore som fyrte i veg eit knallhardt skot så det song i stolpen. Men fem minutt seinare, etter 67 minutt, rulla bortelaget opp eit handballangrep som enda ute til høyre hos Loti Celina, som sende ballen i lengste hjørnet. Vegard Skeie fekk gult kort for ein takling i dette angrepet. Same mann fekk ti minutt seinare sitt andre gule kort, og heimelaget måtte spele det siste kvarteret med ti mann.