Joachim Fløysand og Os-juniorane var mange hakk betre enn amerikanarane i 16-delsfinalen.
Joachim Fløysand og Os-juniorane var mange hakk betre enn amerikanarane i 16-delsfinalen.

Os knuste lag frå USA

Juniorane til Os er på Norway Cup for å henta heim den store pokalen. Mot amerikansk motstand i 16.-delsfinalen var gultrøyene heilt overlegne.

TEKST OG FOTO: Vidar Alfarnes

Dei fotrappe og til dels fysisk sterke osingane spelte tidvis heilt ut ASAL SC. Amerikanarane blei både svimle og hissige, og etter kvart litt ampre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur rett og slett at dei berre blei sure på grunn av at me rundspelte dei, smiler Fabian Bødtker. Han vart teken av banen tidleg i 2. omgang. Då hadde han alt ordna tre av måla til Os. I tillegg laga ASAL eit sjølvmål. Heilt på tampen fekk dei også ein ball bak Os-målvakta. Dermed 4–1. I går kveld venta Bergen Nord i 8.-delsfinalen.

Har blitt skuffa før

Folk som hugsar tilbake til fjoråret, minnest eit Os 17-lag som gjekk heilt til finalen. Det som skjedde mot Sotra – då vinnaren skulle kårast – er enno som eit ope sår. 0–5 var vondt.

– Fleire spelarar frå 17-årslaget er med oss i år, og er sjølvsagt revansjesugne som få. Me andre vil også bli svært skuffa om det ikkje skulle bli finale på oss. Ambisjonane er skyhøge, og me veit at laget har det i seg, smiler tremålsscorar Bødtker etter kampen torsdag.

Fabian Bødtker ordna tre mål mot ASAL SC.

– Noko anna enn finale på laurdag vil vera ein stor nedtur, seier han.
Fabian Bødtker ordna tre mål mot ASAL SC. – Noko anna enn finale på laurdag vil vera ein stor nedtur, seier han.
Amalie Linnea Matland og resten av gjengen på juniorjentelaget til Eikelandsfjorden kom heilt til kvartfinalen i B-sluttspelet. Der vart Sandviken til slutt for sterke.
Amalie Linnea Matland og resten av gjengen på juniorjentelaget til Eikelandsfjorden kom heilt til kvartfinalen i B-sluttspelet. Der vart Sandviken til slutt for sterke.
Her jublar kvartetten Henrik Nygård, Jonas Lygre, Sander Ådland og Olav Hauge, etter nok eit mål. I går kveld spelte Eikelandsfjorden semifinale i B-sluttspelet.
Her jublar kvartetten Henrik Nygård, Jonas Lygre, Sander Ådland og Olav Hauge, etter nok eit mål. I går kveld spelte Eikelandsfjorden semifinale i B-sluttspelet.
Det har tidvis vore elektrisk stemning kring bana når Eikelandsfjorden spelar kampar. Midt på bilete to av dei ivrigaste, Janne Schjølberg (gul) og Eirin Bergheim (svart).
Det har tidvis vore elektrisk stemning kring bana når Eikelandsfjorden spelar kampar. Midt på bilete to av dei ivrigaste, Janne Schjølberg (gul) og Eirin Bergheim (svart).

Når ein i tillegg ser at j15-laget til Nore Neset/Os er meir enn kapable til å ta seg til ein finale, kan det jo bli veldig moro på laurdag. Men osingar har vorte skuffa før, og i skrivande stund er det framleis langt fram.

– Så spanande at det har vore vondt

Medan alle dei andre Os-laga rauk tidleg ut av cupspelet, har Eikelandsfjorden hatt stor suksess i B-sluttspela. Når torsdagen starta var tre av fire lag framleis med. Men både J15 og J19 møtte overmakta i høvesvis 8-dels- og kvartfinale. Dei 14 år gamle gutane på klubben sitt sjuarlag er derimot komne heilt til semifinale i B-sluttspelet. 7–1 over Tingvoll i kvarten var sterkt. No er det Kjelsås som står mellom dei og ein finale, fredag.

Det kan bli ei sterk påkjenning for fleire av dei ivrige tilhengjarane til Eikelandsfjorden.

– Det har vore kjempekjekke kampar heile veka. Og tidvis så spennande at det mest har gjort litt vondt, seier Eirin Bergheim. Ho er mor til g14-spelar Daniel, og debuterer på Ekebergsletta denne sommaren.

– Ei helt fantastisk veke. Me bur på flott hotell på Fornebu, sola skin og Eikelandsfjorden fossar fram. Det blir ikkje betre enn dette.