I pausen var trenar Stian Kvåle mildt sagt skuffa over spelarane sine, og skjelte dei ut. Det var gløymd kort tid etterpå.
I pausen var trenar Stian Kvåle mildt sagt skuffa over spelarane sine, og skjelte dei ut. Det var gløymd kort tid etterpå.

Reiste seg meisterleg etter kvilen

Til pause var det Askøy som leia, og bortelaget låg an til sine tre første poeng i vår. Os/Nore-Neset-trenar, Stian Kvåle, var rasande på spelarane sine.

Utskjellinga frå trenaren såg ut til å vekkja damene i sommarvarmen på Kuventræ laurdag ettermiddag. Damene kom nemleg tilbake frå å ha lege under 4-2, til å vinna kampen 6-4, mykje takk vera ein solid andreomgang. Heile fem mål kom før det var spelt 20 minutt av førsteomgang. Os låg under 1-0, før Agathe Cöllestine Lekven utlikna. Askøy skåra så to gonger, før Vy Nguyen reduserte for heimelaget. Kort tid etter, kom kampens første drikkepause.

– Vi var forferdeleg dårlege dei første 25 minutta. Det gav eg klar beskjed om i pausen. Siste halvdel av første omgang var ikkje så gale. Etter pause var det i alle fall berre eit lag på banen, seier trenar Stian Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nguyen på farten

Det var likevel bortelaget som skåra det første målet etter kvilen. Den einaste avslutninga bortelaget hadde i andreomgang, gjekk over keeper, og ned i lengste hjørnet frå skrått hald. Omgangen blei så prega av fleire brot i spelet grunna skader på bortelaget sine spelarar. Då dei var i gang igjen, var Vilde Drange Veglo på farten. Ho kom på eit av fleire gode løp – snurra rundt med nokre forsvarar – før ho sende ballen over keeper og i lengste hjørnet frå kring 14 meter. Fem minutt seinare var Nguyen på farten igjen. Ho hadde mange sjansar i kampen, og trudde at ho hadde blått tomålsskårar då ein ball kom inn frå høgresida og ho sette ballen i nettet, men dommaren blåste for offside. Det skulle ikkje gå lang tid før ho kunne jubla på ordentleg. Etter litt klabb og babb i feltet fekk ho ballen over streken og blei tomålsskårar.

– Du verka letta då du skåra ditt andre mål?

– Ja, eg var det. Eg hadde mange sjansar i denne kampen. Eg bomma mykje og stod i offside, så eg var litt frustrert, seier ho.

Vilde Drange Veglo kom på mange gode løp frå midtbaneposisjonen sin. (Alle
Vilde Drange Veglo kom på mange gode løp frå midtbaneposisjonen sin. (Alle
Først snurra ho rundt med nokre forsvararar.
Først snurra ho rundt med nokre forsvararar.
Så sende Drange Veglo ballen over keeper og i lengste hjørnet.
Så sende Drange Veglo ballen over keeper og i lengste hjørnet.
Agathe Cöllestine Lekven skåra Os sitt første mål mot Askøy i dag.
Agathe Cöllestine Lekven skåra Os sitt første mål mot Askøy i dag.
Vy Nguyen hadde mange forsøk i kampen.
Vy Nguyen hadde mange forsøk i kampen.
Ho skåra ikkje på alle, men ho fekk likevel med seg to skåringar i 6-4-sigeren.
Ho skåra ikkje på alle, men ho fekk likevel med seg to skåringar i 6-4-sigeren.
Det måtte fleire drikkepauser til i varmen på Kuventræ.
Det måtte fleire drikkepauser til i varmen på Kuventræ.
Litt nedkjøling også.
Litt nedkjøling også.
Malin Ludvigsen noterte seg også for ei skåring.
Malin Ludvigsen noterte seg også for ei skåring.
Kine Thorsvik prøvde og prøvde, men mål blei det ikkje i dag.
Kine Thorsvik prøvde og prøvde, men mål blei det ikkje i dag.
Drange Veglo sytte for 6-4-skåringa som sikra at Os/Nore-Neset kunne ta ferie med fire strake sigrar på rad.
Drange Veglo sytte for 6-4-skåringa som sikra at Os/Nore-Neset kunne ta ferie med fire strake sigrar på rad.

Fire sigrar på rad

Vidare fortel Nguyen at det var fortent at dei fekk kjeft av trenaren i pausen.

– Vi fekk ikkje til noko, og sleppte inn tre unødvendige mål. Det var ikkje bra, seier ho.

Under eitt minutt etter at Nguyen utlikna til 4-4, kom Malin Ludvigsen gjennom på høgresida. Frå kring 16 meter avslutta ho kontant i lengste hjørnet – og plutseleg var heimelaget i leiinga. Os/Nore Neset hadde fleire sjansar til å pynta ytterlegare på resultatet, men det var ikkje før Drange Veglo, etter å ha gått forbi ein forsvarar nede ved dødlinja og putta ballen i mål frå skrått hald, at heimelaget meir eller mindre kunne innkassera sigeren.

– Vi avslutta vårsesongen med fire sigrar på rad. Vi ligg på andreplass eitt poeng bak Årstad, men vi har ein kamp meir spelt enn dei, seier Kvåle, som er nøgd med prestasjonane i år.

– Vi har berre tapt to kampar. Resten har vi vunne, seier han.