annonse

Satsar alt på ridinga: Det er knallhardt arbeid

-Dei beste rundt meg
-Dei beste rundt meg: Team Anne Mathilde består av ponnien Belmondo, mamma Dorthe Reimer Haga, storesyster Trine Engdahl Jepsen, ponnien Burton’s Baya og satsande dressurryttar Anne Mathilde Reimer Haga. Også fleire bidreg i teamet, som gjer at femtenåringen frå Lysefjorden no har fått internasjonal merksemd og karrieren har skote fart siste året. (Foto: Karoline Forselius.)
Tungt arbeid
Tungt arbeid: I snitt bruker Anne Mathilde fire timar i stallen etter skuletid då ho skal ri begge ponniane og stella med dei. - Eg får mykje hjelp til stellet i kvardagen for å ha tid til alt, men er van med å gjera skitjobbane sjølv og, smiler ho. (Foto: )
Dyr sport
Dyr sport: Ikkje berre skal ponniane ha godt stell og utstyr, men dei et for nokre tusen kroner i løpet av ein månad. - Eg har byrja å få litt sponsorar som bidreg blant anna med naudsynt utstyr og noko av foret. Det hjelper på økonomien, for det kostar ein del pengar å reisa på stemne og me må betala det meste sjølve, avslørar ho. (Foto: )
Kjærleiken
Kjærleiken: - Det er kjærleiken til hestane som driv meg til å halda på med dette, sjølv om nedturane kan ta gleda frå meg. Eg veit også at det etter nedturar kjem oppturar, og eg har støtte frå alle rundt meg. Samspelet ein får med dyra er heilt unikt, og eg er kjempeglad i ponniane mine, uansett korleis dei oppfører seg, seier ho og klappar den raude hoppa Burton’s Baya med kjærleg hand. (Foto: )

+ 15-åringen frå Lysefjorden har hatt ei oppsiktsvekkjande utvikling siste året.

  • Karoline Forselius


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut