Eskild Båsen (19) har skrive kontrakt med Lysekloster.
Eskild Båsen (19) har skrive kontrakt med Lysekloster.

Signerte 19 år gamal spiss

Eskild Båsen (19) er Lysekloster sin tredje sommarsignering. Spissen kjem frå Vard Haugesund.

Eskild Båsen blei tidleg sett på som eit talent i rogalandsklubben, der han fekk sin debut på seniorlaget som 16-åring, skriv Lysekloster IL på heimesida si.

– Eg visste at Lysekloster var ein veldig bra 3. divisjonsklubb med ambisjonar om å spela på eit høgare nivå. Det passar meg godt å koma til ein klubb som er like ambisiøs som meg. Eg vil utvikla meg for å nå mine personlege mål og samstundes bidra til at Lysekloster rykkjer opp, seier den nye spissen i eit intervju på Lysekloster.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båsen kan få sin debut i helga i borteoppgjeret mot Varegg.