Kristoffer Tysseland (29) hadde trua på favorittlaget Manchester United då det såg mørkt ut. Det tente han pengar på.
Kristoffer Tysseland (29) hadde trua på favorittlaget Manchester United då det såg mørkt ut. Det tente han pengar på.

Sjekk det spelet: Kristoffer Tysseland satsa på noko som såg heilt umogleg ut

Då Manchester City leia 2–0 til pause mot Manchester United, satsa Kristoffer Tysseland pengar på av favorittlaget United skulle snu kampen i andreomgang – sjølv om dei hadde blitt overkøyrd før kvilen.

– Eg meiner at City ikkje var så utruleg gode i førsteomgang. Det var meir det at United var så dårlege. Difor hadde eg trua på at dei kunne snu det. Dei kunne ikkje koma på banen i andreomgang og prestera som dei gjorde før kvilen, seier Tysseland og legg til:

– I tillegg sparte City fleire av dei beste spelarane sine – og dei blei overkøyrd av Liverpool i Champions League tidlegare i veka. Eg mistenkjer dessutan at dei hadde returkampen mot Liverpool, som skal spelast no i veka, i bakhovudet. Det var altså fleire grunner til at eg valte å spela på United.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt bittert

Med siger heime mot United kunne City ha sikra Premier League-tittelen, og det på heimebane mot rivalen. Det var ikkje noko Tysseland ønskte å sjå. Han gjekk inn på Norsk Tipping og satsa 13 kroner på at United skulle snu kampen og vinna då det stod att 45 minutt – noko som gav 57 i odds.

– Eg er litt bitter. For det første, viste det seg at eg hadde 50 kroner til på tippekontoen. Det såg eg først etterpå. Eg gjekk inn for å satsa ein gong til, men eg blei freista av oddsen på at United skulle skåra det neste målet. Det gav 3,4 i odds. Den gjekk inn, men eg skulle ha satsa alt på at United skulle vinna, seier Tysseland.

Litt bittert er det også at han ikkje hadde pengar på den andre spelekontoen.

I pausen, då Manchester United låg under 2-0 borte mot Manchester City, satsa Tysseland pengar på at favorittlaget hans skulle vinna.
I pausen, då Manchester United låg under 2-0 borte mot Manchester City, satsa Tysseland pengar på at favorittlaget hans skulle vinna.

– Det var andre bookmakerar som hadde høgare odds enn Norsk Tipping – kring 150 – så eg kunne ha vunne mykje meir.

Hjertnes kunne vinna 60.000

Det blei likevel ein flott laurdagskveld på osingen. Spelet gav 741 kroner i retur – og United slo rivalen.

– Eg kom raskt over det. Eg kan ikkje irritera meg over at eg ikkje vann meir. Det var ein odds som ikkje skulle ha gått inn. Det var i alle fall veldig usannsynleg, seier Tysseland og legg til:

– At City ikkje fekk straffe etter den hårreisande taklinga til Young heilt på slutten var heilt avgjerande. Eg må takka dommaren. Det var eigentleg både straffe og raudt kort.

Tysseland såg kampen saman med kompisane Kjartan Hagevik, John Ole Johannessen, Stian Kvåle og Torkel Hjertnes. Sistnemnde var mildt sagt lite nøgd då United snudde kampen. Han hadde nemleg ein kupong med elleve kampar og kunne vinna over 60.000 kroner. Han rauk då United snudde kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var heilt latterleg at United klarte det. Eg hadde både heimesiger og uavgjort i den kampen. Det einaste som ikkje måtte skje – skjedde. Heldigvis, får eg seia, rauk eg på ein kamp til seinare. Eg hadde Sogndal, som spelte uavgjort mot Tromsdalen. Det hadde gjort vondt å berre ryka på éin kamp, seier Hjertnes.