Eikelandsfjorden J14 vann 3-0 mot Hånes IF i sin første Norway Cup-kamp.
Eikelandsfjorden J14 vann 3-0 mot Hånes IF i sin første Norway Cup-kamp.

Sterk opning av lokale lag i Norway Cup

Heile elleve lag frå Os og Fusa deltek i årets Norway Cup. Fleire av dei har opna svært godt.

Fire lag frå Eikelandsfjorden, fem Os TF-lag og to jentelag frå Nore Neset/Os har alle reist til Oslo saman med trenarar og familiemedlem for å ta del i årets turnering. Nokre debutantar er det også, som jentene på Eikelandsfjorden sitt J14-lag. Dei imponerte i første kamp, og vann til slutt 3–0 over Hånes.

– På ein fin og varm dag, møtte jentene eit lag frå Sørlandet, Hånes IF, på Furuset i sin første kamp i Norway Cup. Eikelandsfjorden starta kampen godt og pressa sørlendingane bakover på banen, men vi måtte venta til rett før pause før målet kom. Corneren frå Trine Dale fann Stine Halvorsen som sette ballen i mål. Jentene heldt fram med det gode spelet etter kvilen og 2–0 kom etter eit flott gjennomspel frå Emma Sofie Frydenlund til Emma Boge Bekken som var sikker i avslutningsaugneblinken. Sørlendingane kom etter kvart meir inn i kampen, men mot slutten klarte jentene å putta eitt til. Målskårar var Vilde Tveit, fortel Ann-Elen Skjelbreid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene spelar mot Elverum måndag og Sundjordet IF tysdag.

Tapte 12–0

Eikelandsfjorden G14 spelar sjuarfotball. Dei opna mot italienarane i Carugate. Kampen enda med eit 5-2-tap. I den viktige andrekampen tok gutane sin første siger med 3–2 mot Giske. Siste kamp i gruppespelet går tysdag føremiddag mot Øystre Slidre IL. Eikelandsfjorden G15 tapte 12–0 mot Moss i første kamp. Dei spelar seinare måndag, etter at avisa er sendt til trykkjeriet. Då står Charlottenlund SK på motsett banehalvdel. Tysdag møter gutane Klemetsrud IL 2.

Eikelandsfjorden J19 spelar sin første kamp måndag kveld mot Haramsøy/Nordøy FK. Tysdag spelar dei mot KFUM-Kameratene Oslo og Tiller IL.

Sterkt Kjelsås-lag

Os G15 opna med 3–0 mot Selfors Ungdomslag. Seinare måndag møter dei Trygg/Lade SK før dei tysdag spelar mot Bokn IL – Fotballgr.

Os G16 1 starta også med siger. Dei vann 3–1 over Rival SK. Måndag føremiddag spelte dei 1–1 mot Lærdal. Tysdag møter dei Asker. OS G16 2 starta med 2–2 mot Sunndal IL. I andre kamp møtte dei eit sterkt Kjelsås-lag. Oppgjeret enda med 5-0-tap. Siste kamp går mot Charlottenlund SK 2 tysdag føremiddag.

Knallsterk opning

Juniorane i Os G19 1 opna med 8-1-siger mot Falkeid IL. Søgne FK Allstars står på motsett halvdel måndag kveld, og gruppespelet blir avslutta med eit oppgjer mot Oppdal IL tysdag kveld. Os G19 2 tapte 2–1 mot Lillestrøm, før dei tapte 1 – 0 mot Årvoll. Tysdag møter dei Melhus IL.

Nore Neset/ Os J15, som imponerte stort i fjor med ein fjerdeplass, har opna forrykande i år. 6–0 i opningskampen mot Nordre Fjell Fotball blei følgt opp med 9–0 mot Otta IL. Tysdag møter dei Oppegård. Nore Neset/Os J15 2 tapte 6–1 mot Åsmarka IL i opningskampen. Mot Oppsal IF Fotball kom dei lokale jentene tilbake etter å ha hamna under to gonger, og vann til slutt 4–2. Ekholt står på motsett banehalvdel tysdag morgon.