Måndag signerte Nest-Sotra-stoppar Gojko Ivkovic kontrakt med Lysekloster. Avtalen strekkjer seg ut sesongen, men partane har også ein munnleg avtale som gjeld ut 2018-sesongen. Denne skal ferdigbehandlast i haust.
Måndag signerte Nest-Sotra-stoppar Gojko Ivkovic kontrakt med Lysekloster. Avtalen strekkjer seg ut sesongen, men partane har også ein munnleg avtale som gjeld ut 2018-sesongen. Denne skal ferdigbehandlast i haust.

Storsignering for Lysekloster: Hentar Gojko Ivkovic (25) frå Nest-Sotra

Midtstopparen har signert ein avtale som strekkjer seg ut sesongen, i tillegg til at dei har ein munnleg avtale som gjeld ut 2018-sesongen.

Norskserberen var i Lysefjorden måndag føremiddag for å signera papira som gjer han til Lysekloster-spelar. Han var roleg og hyggeleg, noko han seier han ikkje er på banen.

- Utanfor banen er eg kanskje verdas snillaste. På banen gjer eg alt for å vinna, seier Ivkovic, og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er litt "gal i hovudet" på banen, men det er ikkje slik at eg bestemmer meg for å knekka beina på motstandaren. Eg har høge krav til meg sjølv og medspelarar. Eg set òg pris på om medspelarane har høge krav til meg.

Eitt steg attende - to steg fram

Ivkovic har spelt fast for Nest-Sotra dei siste sesongane. Grunna utfordringar i jobb- og privatlivet, vel han å trappa ned.

- I Nest-Sotra må ein vera proff frå morgon til kveld. Det vart ei utfordring for meg no, både grunna jobb og då eg snart skal bli far, seier han.

Ivkovic skildrar seg sjølv som ein duellsterk stoppar som er god til å posisjonera seg. I tillegg er han god med ballen i beina.
Ivkovic skildrar seg sjølv som ein duellsterk stoppar som er god til å posisjonera seg. I tillegg er han god med ballen i beina.

Midtstopparen ser likevel ikkje på klubbskiftet som ei stor nedtrapping.

- Til neste år kan eg vera på same nivå som Nest-Sotra. Dei ligg an til nedrykk, medan me toppar tabellen. Eg har framleis ambisjonar som fotballspelar. Nokre gonger må ein ta eitt steg attende for å kunne ta to skritt fram, seier han.

Godt inntrykk

Då han bestemte seg for å gå frå Nest-Sotra såg han på klubbar i bergensområdet. Valet fall på Lysekloster.

- Eg har høyrt mykje bra om klubben frå noverande og tidlegare Lysekloster-spelarar. Etter å ha snakka med Svein Kollen og Thomas Sandal var eg selt. Eg har fått eit veldig godt inntrykk av klubben, seier Ivkovic.

Skulle til Røde Stjerne

Midtstopparen har spelt for klubbar som Åsane, Viking og no sist, Nest-Sotra. I slutten av 2013 var han på prøvespel i Røde Stjerne for andre gong i karriera. Klubb og spelar var nøgde med prøvespelet, og avtalen var klar. Så rauk kneet på Nest-Sotra-trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Røde Stjerne reiste på treningsleir til Qatar rett etter at eg var på prøvespel. Eg skulle signera litt seinare, men så øydela eg menisken på trening, fortel Ivkovic.

Lagkamerat med Adem Ljajic

Norsk-serberen har spelt for aldersbestemte landslag for heimlandet Serbia, og var med då landslaget tok bronse i U-19 EM i 2009. Han har spelt på lag med kjende fotballnamn som Roma-spelar Adem Ljajic. Han spelte heilt sikkert mot store namn også, men det hugsar han ikkje.

- Eg skulle gjerne hugsa kven eg har spelt mot. Men eg hadde fullt fokus på meg sjølv og mitt lag. Me spelte mot lag som England, Spania og Frankrike. Det var heilt sikkert mange kjende namn på dei laga, seier Ivkovic.

- Stor tilvekst til laget

Ivkovic skildrar seg sjølv som ein duellsterk stoppar med gode posisjoneringsevner, og god med ballen i beina.

- Er du ein rask stoppar?

- Nei, det er det eg manglar. Eg er ikkje treg, men eg er heller ikkje rask, seier han.

Lysekloster-trenar Ørjan Sandal er sjølvsagt godt nøgd med å signera ein midtstoppar frå OBOS-ligaen.

- Eg kjenner godt til Ivkovic, men dette er ikkje ein avtale me har jobba med. Det var han som tok kontakt med oss. Me var sjølvsagt ikkje vonde å be. Dette er ein stor tilvekst til laget, seier han.