Os-kaptein Marius Mikkelsen var nære på ved eit par høve, men verken han eller nokre av lagkameratane klarte å få ballen i mål.
Os-kaptein Marius Mikkelsen var nære på ved eit par høve, men verken han eller nokre av lagkameratane klarte å få ballen i mål.

Tap i serieopninga: – Fantasilaus andreomgang

Os-trenar Endre Brenne var ikkje nøgd med prestasjonen i serieopninga heime mot Stord laurdag.

Bortelaget reiste heim med alle poenga etter å ha vunne 1–0 på Kuventræ.

– Dette var langt unna det vi presterte førre helg, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os-trenaren referere til sigeren i treningskampen mot 2.divisjonslaget Sotra.

– Vi gjer ikkje som vi blei samde om før kampen. Vi skulle pressa dei høgt, men i staden blei vi nølande og passive. Då vi gjekk i press, gjorde vi det ikkje som lag, og dei kom seg for enkelt forbi. Vi hang ikkje saman i dag. Andreomgangen var fantasilaus, seier Brenne.

Skapte nokre sjansar

Det var ei jamn kamp på Kuventræ laurdag. Bortelaget opna best, og skåra etter om lag 21 minutt. Ein Stord-spelar fekk venda opp uhindra i feltet til Os, og sende i veg ei avslutning som ikkje var all verda, men Os-keeper Chris Sunde Midtun fekk berre nokre fingre på ballen, som gjekk vidare bort i lengste hjørnet. Os skapte også nokre sjansar i førsteomgang, og burde ha skåra før kvilen.

Os-trenar Endre Brenne, var ikkje nøgd med laget sin prestasjon i serieopninga.
Os-trenar Endre Brenne, var ikkje nøgd med laget sin prestasjon i serieopninga.

– Vår beste periode hadde vi i førsteomgang, og vi burde ha fått oss eit mål, seier Brenne.

Fleire på sidelinja

Stord låg godt organisert og nekta Os å spela seg til dei store sjansane. Bortelaget kontrollerte mest, og heller ikkje dei skapte så mange store sjansar.

– Eg trur at Stord kjem til å hevda seg i avdelinga. Dei mangla nokre spelarar i dag, så vi burde ha gitt dei betre kamp. Samstundes har også vi nokre spelarar på sidelinja, seier Brenne.

Mats Cato Moldskred, Harry Moore, Sander Fagerbakke Kvittingen og Frode Storebø var ikkje med i dag.

– Frode og Mats trur eg kan vera klare til neste kamp. Kanskje Harry også, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste kamp er borte mot Bergen Nord måndag 22. april, før Lysekloster kjem på besøk på Kuventræ laurdagen etter.

Spelarbørs frå dagens kamp kjem seinare.