Ida Skaathun Blindheim, Michelle Beracis Hansen, Stian Kvåle, Tuva Søreide Solberg og Marthe Gåssand.
Ida Skaathun Blindheim, Michelle Beracis Hansen, Stian Kvåle, Tuva Søreide Solberg og Marthe Gåssand.

Tek del i historisk satsing

Sandviken har teke initiativ til ei historisk satsing kring kvinnefotball. Os Fotball tek del i prosjektet.

Satsinga går ut på at Toppserieklubben skal byggja eit kraftsenter for spelar-, trenar- og klubbutvikling.

– Bakgrunnen for satsinga er å styrkja og kvalitetssikra arbeidet kring kvinnefotball i lokale klubbar, slik at talent kan ha ein god utviklingsarena hos sine respektive klubbar lengst mogleg, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er altså ikkje slik at Os risikerer å mista fleire gode spelarar tidlegare med dette prosjektet?

– Tvert i mot. Det er det vi skal unngå. Sandviken ønskjer at spelarane skal vera lengre i dei lokale klubbane. Det er betre at jentene er hos oss og utviklar seg, enn at dei reiser til Sandviken eller Arna-Bjørnar som 15-åringar og sit på benken.

Vil førebyggja fråfallet

Sandviken vil heller tilby unge talent å hospitera hjå klubben. Eit av måla med prosjektet er å minska fråfallet på jentesida.

– Fråfall på jentesida har lenge vore eit problem. Ein håpar spelarutvikling i eigen klubb vil førebyggja fråfallet og føra til at spelarar held seg aktive i fotballen lengre. Det er viktig for satsinga på kvinnefotball og for å betra nivået i norsk serie. Satsinga har fått namnet Toppfotballsamarbeid Vest og med seg på satsinga har Sandviken fått fleire lokale kubbar, seier Brenne.

Vil dela kompetanse

På Os Turn si heimeside skriv dei at i samarbeidet vil Sandviken dela kompetansen dei sit på med dei lokale klubbane, både med leiar-, trenar- og spelarutvikling. Sandviken vil delta aktivt på treningar og kampar, gjennomføra temakveldar og hjelpa aktivt inn mot trenarutdanning og rettleiing på treningsfeltet.

– Spelarutviklar i Sandviken, Øyvind Nordtveit, som for øvrig har trena Os sitt herrelag tidlegare, vil assistere klubbane i oppfølging av spelarar, medan sportsleg leiar Vidar Fossdal vil bidra på trenarsida, blant anna ved å gjennomføra trenarkurs. I tillegg til Sandviken følgja opp klubbane på ny teknologi for å styrkja kvaliteten på trening og kampanalysar, skriv dei.

Flott sesongstart

Damelaget til Os/Nore Neset har fått ein flott start på sesongen. Dei opna sesongen med ein 2-1-siger heime mot Rosendal/Trio, før dei søndag vann 1–0 borte mot Bremnes. Tysdag om ei veke ventar ein ny heimekamp og sjansen til tre nye poeng. Då kjem Tertnes på besøk på Kuventræ.