Os møtte Brann i cupen i 2015. I første runde i år er det ikkje Brann, men naboane Åsane som kjem til Kuventræ.
Os møtte Brann i cupen i 2015. I første runde i år er det ikkje Brann, men naboane Åsane som kjem til Kuventræ.

Tøff motstand for Os i NM

Lysekloster var meir heldig enn Os. Sjekk kven laga møter i første runde av Noregsmeisterskapen.

Verken Lysekloster eller Os møter Brann, som møter Sandviken i første runde, men Os får tøff motstand likevel. Åsane kjem på besøk til Kuventræ 18. april. Lysekloster skal spela borte mot Arna-Bjørnar, som høyrer heime i 4. divisjon, same dag.

– Det er som alltid stor interesse kring første runde i NM. Vi prøver å laga gode oppgjer som skaper stort engasjement og interesse. Elles er kriteria at lag frå Eliteserien og OBOS skal møta lag frå 3. og 4. divisjon og at laga helst ikkje har møtt kvarandre i cupen dei siste tre åra. Så har vi prøvd å unngå at lag som møtast i serien ikkje skal møtast i cupen, og heller splitta desse slik at dei møter lag frå andre kretsar. Mange lag ønskjer seg motstand frå Eliteserien, men det er berre 16 som kan få det, og det er ein vanskeleg kabal. Vi håpar oppgjera som er sett opp til syta for cupfest over heile landet, seier seksjonsleiar for kampadministrasjon i NFF, Runde Pedersen.