Juniortrenar Sigurd Dalland og A-lags-trenar Fredrik Andersen under ein internkamp onsdag kveld.
Juniortrenar Sigurd Dalland og A-lags-trenar Fredrik Andersen under ein internkamp onsdag kveld.

Trenaren har ei utfordring til fusingane

Neste fredag er det sesongstart for A-laget til Eikelandsfjorden. Trenar Fredrik Andersen ser fram til å koma i gang med ein sesong med fleire lokaloppgjer.

– Vi synest at kretsen har sett opp ein spanande liga for oss i år med mange lokaloppgjer, seier han.

Utfordringa til fusingane

I år håpar dei å trekkja fleire tilskodarar særleg på heimekampane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil difor vera meir aktive i sosiale medium og lage event på Facebook til kvar heimekamp. Vi takkar heller ikkje nei til ekstra støtte på bortekampane, seier han og held fram:

– Vi har ei utfordring til alle fusingar. Kom og støtt idrettslaget. Vi i breiddeidretten har minst like stort behov for støtte som dei i eliteidretten. Det vil som alltid vera open kiosk og god stemning på heimekampane.

Nye spelarar

I troppen finn ein stort sett dei same som i fjor. Nokre få har gitt seg, men det har også kome nye spelarar til.

Eikelandsfjorden sitt juniorlag og A-lag trenar framleis saman.
Eikelandsfjorden sitt juniorlag og A-lag trenar framleis saman.

– Petter Teige Nes kjem frå Samnanger, Stian Håvik er tilbake etter eit kvileår, Aleksander Nielsen kjem tilbake til Fusa etter å ha vore borte for å studera og Kjartan Svendsen, som spelte ein kamp i fjor, har fått full oppkøyring og er klar for ein ny sesong. Vi er i dialog med to spelarar til som vi ønskjer å signera. Det er Hans Marius Glenne og Bjørnar Ophaug, seier Andersen.

Berre fire treningskampar

Eikelandsfjorden kan sjå tilbake på ein god vinter, sjølv om dei ikkje har fått så mange treningskampar som dei hadde ønskt.

– Høgdepunkta var den overlegne sigeren over Dale, som spelar i divisjonen over oss, og storsigeren mot Strand Ulv, som spelar i divisjonen under oss. Diverre har vi hatt eit problem med at mange motstandarar har trekt seg i tolvte time av ulike grunnar. Vi har berre fått fire treningskampar i førsesongen. Vi skulle helst hatt nokre til, seier Andersen og legg til:

– Men vi har trent godt i vinter. Dermed står vi betre rusta kondisjonsmessig enn i fjor. Vi trenar framleis saman med juniorlaget, noko som fører til godt oppmøte på trening. Det er veldig viktig for å ha ein tilfredsstillande treningskvardag. Eg har eit godt samarbeid og tett dialog med juniortrenar Sigurd Dalland. Både i forhold til planlegging og utføring av trening og med dialog om spelarar og prestasjonar på juniorkampar.

Ser Norheimsund som favoritt

Det er fleire juniorspelarar som må spela to kampar i veka. Ein for juniorlaget og ein for A-laget. Det er ei utfordring dei har valt å ta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er lite å utsetja på engasjementet til den yngre garde i klubben. Dette er eit grep som har tvunge seg fram då det er ein del årskull med få eller ingen aktive fotballspelarar i Fusa, seier Andersen.

Eikelandsfjorden-trenaren ser Norheimsund som opprykksfavoritt i avdelinga, som også inneheld Os 3 og Nore Neset/Lysekloster 2. Eikelandsfjorden opnar sesongen heime mot nettopp Nore Neset/Lysekloster 2 neste fredag.

– Norheimsund er ein gamal storheit som har stort nedslagsfelt med tanke på rekruttering. Dei har også eit eige fotballgymnas i kommunen som trekkjer til seg spelarar med ambisjonar og som har mykje tid til å trena. Vi reknar oss som eit av laga som vil kjempa om den andre opprykksplassen, seier Andersen, som også ønskjer å takka sponsorane.

– Dei er viktige for oss. Det hadde vore vanskeleg å driva breiddeidrett utan slik støtte.