Midtbanespelar Rune Johan Åsheim Mo (23) signerer truleg for Lysekloster i dag, og er tenkt som erstattar for Espen Birkeland.
Midtbanespelar Rune Johan Åsheim Mo (23) signerer truleg for Lysekloster i dag, og er tenkt som erstattar for Espen Birkeland.

Trente med Viking og Sandnes Ulf – valte Lysekloster

Rune Johan Åsheim Mo (23) rykte opp til OBOS-ligaen med Nest-Sotra førre sesong. No skal han hjelpa Lysekloster å ta steget opp i 2. divisjon.

– Det ser ut som eg blir klostermann, det gjer det, seier 23-åringen til Grenda, som førstmelde om overgangen.

I vinter har han trent med både Viking og Sandnes Ulf, men no har han altså valt å spela fotball i Lysefjorden i tida som kjem. Til Grenda seier 23-åringen at det har vore ein stressande vinterperiode.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore veldig stressande å måtta avtala alt åleine. Det er det einaste ein går og tenkjer på. Eg kjenner at det skal bli godt å få det avklart og at det er greitt at det blir slik som dette. Det å bli verande i Bergen er veldig fint, seier han.

Midtbanespelaren står oppført med 17 kampar for Nest-Sotra sist sesong. Han skal ha fått tilbod frå dei fleste klubbane i og kring Bergen. I samband med det uttalte han til Grenda i slutten av november at om han skulle bli verande i Hordaland, så ville valet falla på Lysekloster, fordi dei hadde vilkåra som han var mest nøgd med.

– Ein kjempespelar

Sportsleg leiar i Lysekloster Idrettslag, Svein Kollen, stadfestar at Mo så godt som er klar for klubben.

– Vi ser føre oss å signera kontrakten i dag. Han er ein kjempespelar. Alt tidleg i desember fekk vi indikasjonar på at han ville koma til oss. Om han skulle spela for ein klubb i Hordaland, var det berre Lysekloster som var eit alternativ, seier Kollen.

Midtbanespelaren er tenkt som erstattar for Espen Birkeland, som etter tre sesongar, valte å signera for moderklubben Smørås.

– Er det fleire spelarar på veg inn i desse dagar?

– Matos (André Matos, som blei signert i desember journ.mrk.) er på plass. Han kom med fly i natt. Vi ser føre oss å signera to eller tre spelarar til i løpet av månaden, men vi får stadig førespurnader frå spelarar som ønskjer å koma til oss, seier Kollen.