Kristoffer Gunnarshaug skåra 2-0-målet og blei kåra til heimelagets beste i ettermiddag.
Kristoffer Gunnarshaug skåra 2-0-målet og blei kåra til heimelagets beste i ettermiddag.

Uavgjort i toppoppgjeret: – Vi gav dei to mål

Lysekloster hadde Sotra i kne, men bortelaget kom tilbake.

Med siger ville Lysekloster passera Sotra på tabellen, og det såg lyst ut då Kristoffer Gunnarshaug sytte for 2–0 leiing kort tid etter at andreomgang starta. I førsteomgang blei Kristoffer Østervold felt av Sotra-keeperen og fekk straffe. Truls Hovland var sikker frå krittmerket.

Ekstremt skuffa

Fram til då hadde Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik vore godt nøgd med det mannskapet leverte, men han liker ikkje måten Sotra fekk koma tilbake på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har god kontroll på kampen. Kampplanen fungerte. Sotra klarer ikkje å skapa noko særleg. Først skåra dei på eit frispark frå spiss vinkel som gjekk rett i mål. 20 minutt seinare får dei mål etter ein corner. Det er skuffande at vi tapar to poeng ved å gje dei to mål, seier Hetlevik og held fram:

– Det er fire kampar att og vi er eitt poeng bak. Ingenting er avgjort.