Denne veka kunne ein dresskledd Sjur Berge motta pokal og ein premiesum på 100.000 kroner for sigeren i fantasyfotball-NM.
Denne veka kunne ein dresskledd Sjur Berge motta pokal og ein premiesum på 100.000 kroner for sigeren i fantasyfotball-NM.

Vann 100.000 på fantasy-fotball

I kamp med 600 andre deltakarar loste fusingen Sjur Berge laget sitt til topps i NM i fantasyfotball.

Som Brann-fan skulle ein tru at Sjur Berge fekk roa "fotball-nervane" då dei raudkledde sikra opprykk til eliteserien for to veker sidan. Det gjorde han på langt nær. Den Oslo-busette fusingen fekk nemleg ei langt meir dramatisk avslutning på eliteserien enn på årets OBOS-liga. 25-åringen leidde nemleg NM i Fantasyfotball før siste runde i eliteserien. Dersom han klarte å halda konkurrentane bak seg, ville han vinna 100.000 kroner.

Nervepirrande

- Det var veldig nervepirrande. Etter å ha leidd konkurransen dei 18-19 siste rundane var det rimeleg høgt stress-nivå då eg konstaterte at av mine 11 utvalde var det berre 3-4 av "mine" spelarar som skulle starta, fortel Berge om serieavslutninga no søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

For uinnvidde er fantasy-fotball eit litt forenkla fotball-manager-spel. Spelet går som så mange andre fotball-manager-spel ut på å velja dei rette spelarane til ei kvar tid utover i sesongen. Sjur Berge disponerte laget sitt klokt også i siste runde.

- Eg byta inn Marcus Pedersen. Han skåra jo tre mål, så berre der åleine fekk eg nok poeng til at eg i realiteten hadde drege sigeren i land, seier 24-åringen.

Han hadde kring 1.750 poeng før siste runde. Nærmaste konkurrent enda opp med litt under 1.600.

Sjur Berge heldt nervane under kontroll. Byta inn Marcus Pedersen og sikra inn ein solid siger i NM i fantasyfotball. Her kyssar han NM-pokalen etter overrekkinga måndag.
Sjur Berge heldt nervane under kontroll. Byta inn Marcus Pedersen og sikra inn ein solid siger i NM i fantasyfotball. Her kyssar han NM-pokalen etter overrekkinga måndag.

God Diomande

Sjur Berge hadde verkeleg teft for den norske toppserien denne sesongen. Alt til sommaren gjorde han eit byks på lista og gjekk frå 31. plass til første.

- Eg var tidleg ute med å bruka Adama Diomande. Ein periode skåra han seks mål på fem kampar. I desse kampane hadde eg han som kaptein. Med det dobbla eg poenga for kvart mål han skåra, forklarer Berge.

Eit anna lukketreff var ein gamal kjenning frå Bergen.

- Ikkje veit eg kvifor, men eg hadde ei kjensle av at Marcus Pedersen ville skåra når han gjekk frå Brann til Strømsgodset. Dermed heiv eg han innpå laget alt tidleg i sommar. Til slutt noterte han seg for 11 mål på ti kampar. Ganske imponerande, og ganske poeng-innbringande for meg, humrar 24-åringen frå Bergegrend.

Blant andre spelarar han gjorde poeng med var Alexande Søderlund og Pål André Helland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til New York

På verdsbasis er fantasyfotball veldig stort. Over 3,5 millioner menneske spelar Premier Leagues offisielle versjon av fantasy-spel. 80.000 av desse er nordmenn.

NM i fantasy var nytt av året.

- Det er eit selskap kalla FantasyBet som har dette konseptet. No første sesongen deltok 600. Neste år vert det nok langt fleire, men eg skal gjera mitt for å vinna førstepremien nok ein gong, flirar Berge.

Han har nett flytta til Kolbotn i Oslo. Fusingen jobbar der i forsikringsbransjen.

- Kva skal du bruka premiepengane på?

- Ja, no er eg jo nett ny i jobben her, så eg kan vel ikkje rekna med all verda til ferie, men dersom eg får meg nokre dagar på nyåret, så flyg eg til New York og feirar. Ein må jo feira litt standsmessig, ler fantasyfotball-vinnaren.