Ole Martin Kolskogen blei Nordisk Meister med landslaget mens lagkameratane frå Os kjempa om tittelen i Norway Cup.
Ole Martin Kolskogen blei Nordisk Meister med landslaget mens lagkameratane frå Os kjempa om tittelen i Norway Cup.

Vann meisterskap med landslaget

Ole Martin Kolskogen gjekk i helga til topps i Åpent Nordisk Meisterskap saman med landslaget.

Lagkameratane til Kolskogen herja i Norway Cup, og tok seg heilt til finalen. Finalespeling blei det også på Kolskogen. Noreg tok seg til finalen med to sigrar og ein uavgjort i innleiande kampar. I finalen stod Danmark på motsett banehalvdel. Ole Martin Kolskogen spelte nesten heile kampen, og fekk med seg eit gult kort frå oppgjeret som Noreg vann 4–1.

– I andreomgang får vi ei tidleg skåring, og etter det føler eg vi køyrer mesteparten av kampen. Vi har god kontroll defensivt, god aggressivitet og gode gjenvinningar. Vi held fram med å skapa sjansar og skårar to mål til. Det var ein svært god kamp av oss, med unnatak av dei første 12–13 minutta, seier landslagstrenar Gunnar Halle til fotball.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølvaste A-landslagssjef Lars Lagerbäck var til stades for å sjå G16-finalen mot Danmark laurdag.