Trenar Ruben Hetlevik er skuffa over at dagens kamp mot VIking 2 enda uavgjort. – Det var ein veldig bra utført bortekamp. Vi styrer eigentleg alt, seier han.
Trenar Ruben Hetlevik er skuffa over at dagens kamp mot VIking 2 enda uavgjort. – Det var ein veldig bra utført bortekamp. Vi styrer eigentleg alt, seier han.

– Vi føler vi er blitt utsette for eit lite ran

Fem minutt før slutt, bles dommaren straffe. Dermed glapp sigeren mot Viking 2 for Lysekloster.

– Vi spelar uavgjort 1–1. Det er veldig skuffande, seier trenar Ruben Hetlevik på telefon frå Stavanger.

Spesielt med tanke på korleis kampen utvikla seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har full kontroll på kampen, og styrer eigentleg alt. Men fem minutt før slutt er det hjørnespark til Viking. Ballen vert klarert i lufta, men spretter frå bakken og opp i handa på ein av spelarane våre etterpå. Diverre bles dommaren straffespark, seier han og legg til:

– Vi føler vi er blitt utsette for eit lite ran.

– Aldri bekymra

I utgangspunktet er prestasjonen til spelarane, ifølgje trenaren, veldig god.

– Det var ein veldig bra utført bortekamp. Eg var aldri bekymra på sidelina. Det måtte skje noko heilt sjukt for at vi skulle slippa inn mål, seier han.

Marcus Sannes Thormodsen skåra Lysekloster sitt mål i det 56. speleminuttet.

– Det var eit fantastisk angrep. Marcus får eit innlegg frå venstresida. Han kjem i stor fart og legg ballen i venstre hjørne for keeper, oppsummerer Hetlevik.

30. april møter Lysekloster Sogndal 2 på Lysekloster Framo Idrettspark.

camilla.kvamme@osogfusa.no