Arne Sælensminde måtte bruka ein del juniorspelarar i fjor grunna fråvær i laget. I år må Nore Neset-trenaren bruka endå fleire juniorar, då mange seniorar har skifta klubb.
Arne Sælensminde måtte bruka ein del juniorspelarar i fjor grunna fråvær i laget. I år må Nore Neset-trenaren bruka endå fleire juniorar, då mange seniorar har skifta klubb.

– Vi har mista eit heilt lag

Førre sesong var tøff for Nore Neset sitt A-lag som til slutt rykte ned til 6. divisjon. Den tøffe tida har halde fram inn i vinteren, og fram mot seriestart.

– Vi sparkar i gang sesongen neste fredag borte mot Eikelandsfjorden. Vi er ikkje heilt der vi skal vera enno. Vi har få spelarar, og må ta i bruk ein del juniorar, seier Nore Neset-trenar Arne Sælensminde.

Juniorar hospiterer med Lysekloster

Søre Neset har starta A-lag. Det har også Øyglimt. Sælensminde seier at i grove trekk har alle spelarane gått til desse klubbane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nokre som har gitt seg med fotball. I tillegg har fem eller seks spelarar gått til både Søre Neset og Øyglimt. Vi har fått inn nokre seniorspelarar i troppen, slik at vi er nesten tosifra.

A-laget er meldt på i serien som Nore Neset/Lysekloster 2.

– Dei beste juniorspelarane har hospitert med A-laget til Lysekloster. Tre av dei har fått speletid i treningskampar. Det er heilt strålande at Lysekloster tek opp juniorane og let dei få prøva seg. Dei som ikkje får mykje speletid for A-laget, må ha ein annan arena å spela kampar på. Difor har vi gjort det slik, seier Sælensminde, som ikkje reknar med å få nokre av dei meir røynde A-lagsspelarane til Lysekloster i kamptroppen i 6. divisjon.

– Det ser eg som veldig lite sannsynleg. Dei har ikkje ein stor stall, og eg trur uansett ikkje det er av interesse å senda dei ut i kamp i 6. divisjon. Men at juniorane får hospitera i 3. divisjon, er ein fantastisk moglegheit for dei.

Tilbod til dei som blomstrar seint

Sælensminde er glad for å ha fått inn eit par rutinerte spelarar, som til dømes Kenneth Hufthammer, i det som blir eit ungt lag.

– Det er fire seniorspelarar att i troppen frå i fjor. Vi blir eit ungt lag. Det som er viktig for oss er som sagt å ha eit tilbod til dei som kjem frå juniorfotball og ikkje får plass på Lysekloster. Dei som blomstrar seint skal også ha eit lag å utvikla seg på, seier Sælensminde.