Thea og resten av det norske laget tok seg vidare til kvartfinalen i bridge-VM i Kina.
Thea og resten av det norske laget tok seg vidare til kvartfinalen i bridge-VM i Kina.

Vidare til sluttspelet i VM

Thea Hauge og det dei norske U21-jentene tok seg vidare til kvartfinalen i bridge-VM i Kina – men det var berre så vidt.

Thea Hove Hauge (20) blei historisk for to år sidan då ho tok VM-bronse i bridge saman med landslagsvenninnene sine. I forkant av bridge-VM fortalde Thea Hauge til Os & Fusaposten at ho hadde tru på edelt metall i VM i Kina. Seinare i sommar blei det klart at også Carl-Otto Curran frå Os fekk seg ein VM-billett. Dei er diverre ute av dansen alt.

Møter Nederland

Det blei ei spanande avslutning på innleiande spel for jentene, sjølv om dei hadde spelefri. Dei var avhengige av at resultat skulle gå deira veg for å ta seg vidare til kvartfinalen – noko som heldigvis skjedde. Det norske laget tok seg vidare som nummer åtte av totalt åtte lag som gjekk vidare. I kvartfinalen onsdag ventar Nederland, som hamna på 2. plass i innleiande spel.