Os-kaptein Marius Mikkelsen, blir ikkje å sjå i kampen mot Fyllingsdalen 2 søndag. Han er framleis ikkje frisk etter å ha blitt matforgifta på ein ferietur tidlegare i sommar.
Os-kaptein Marius Mikkelsen, blir ikkje å sjå i kampen mot Fyllingsdalen 2 søndag. Han er framleis ikkje frisk etter å ha blitt matforgifta på ein ferietur tidlegare i sommar.

Vil byggja vidare på den krutsterke heimeforma

Os har litt å revansjera. Til helga blir andre del av sesongen sparka i gang på Kuventræ mot Fyllingsdalen 2 – som er det einaste laget Os har tapt mot i år.

– Vi opna borte mot Fyllingsdalen 2 i vår, og tapte etter ein grufull førsteomgang. Vi låg under 2–0 til pause, og dei skåra 3–0 rett etter kvilen. Då hadde vi gjort det vanskeleg for oss sjølve, seier Os-kaptein Marius Mikkelsen.

Os reduserte to gonger, men det blei tap til slutt. Borteoppgjeret mot Fyllingsdalen 2 blei Karl Kvile sin einaste teljande kamp som Os-trenar. Tim Henrik Sperrevik tok som kjent over. Sidan har Os spelt uavgjort éin gong og vunne resten av kampane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tim er ein fin trenar. Han syt for at det er bra trykk på treningane og han er ein likandes kar, seier Mikkelsen.

Solid heimestatistikk

Fyllingsdalen 2 ligg på tredjeplass før hausten blir sparka i gang på søndag. Dei er fire poeng bak Os som toppar tabellen framfor Lyngbø – som ligg to poeng bak. Os viste skremmande god heimeform med fem sigrar av fem moglege og 29–4 i målskilnad. Det håpar og trur Mikkelsen at dei kan byggja vidare på.

– Vi må halda fram slik om vi skal rykkja opp, seier Mikkelsen, som ser dei tre næraste laga på tabellen som dei største utfordrarane til opprykket.

– Lyngbø var bra i vår. Sandviken ligg litt bak no, men dei kan vera med og kjempa. Fyllingsdalen 2 kan hevda seg i toppen, men samstundes er dei heilt avhengige av at førstelaget rykkjer opp. Det er oss og desse laga det kjem til å stå mellom, seier han og held fram:

– Det er to viktige kampar i starten for oss no. Først Fyllingsdalen 2 – så Lyngbø i neste.

To signeringar i sommar

Os-kapteinen blir ikkje å sjå på banen når Fyllingsdalen 2 gjestar Kuventræ på søndag klokka 16.00.

– Eg blei matforgifta på ein ferietur og har lege strak ut i eit par veker. Eg er betre no, og satsar på å vera i trening snart. Elles er det skjedd nokre endringar i laget sidan i vår. Fabian Bødtker er gått på utlån til Øystese. Steffen Ljosheim skal studera og er ikkje med vidare. Frode Storebø er skadd og ikkje tilgjengeleg til kampen søndag, seier Mikkelsen.

I sommar har keeper Chris Sunde Midtun, som tidlegare har spelt for Lysekloster, signert for Os. Mikkelsen har ikkje helst på Sunde Midtun enno, men han har høyrt at den nye keeperen har imponert på trening.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er også gledeleg at Erik Kanestrøm er tilbake i Os-drakt. Han er fin å ha i gruppa i tillegg til at han er ein garantist for målpoeng.