Ragnhild Femsteinevik (20) har som mål å bli best på sikt. I år ønskjer ho å koma med i junior-VM.
Ragnhild Femsteinevik (20) har som mål å bli best på sikt. I år ønskjer ho å koma med i junior-VM.

Sprinta til andreplass

I helga var det noregscup-opning for seniorar på Geilo. Ragnhild Femsteinevik, som eigentleg er sisteårs junior, leverte ein uhyre sterk sprint på laurdagen og hamna på andreplass.

Ragnhild var revansjesugen etter å ha opna litt svakt sist helg.

- Eg hadde som mål å gå betre enn sist helg. Då gjekk det tregt. Eg er veldig nøgd med 2. plass, seier Femsteinevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil bli best

Sist helg imponerte storebror Martin stort, då hangjekk seg inn på E-cup-laget.

- Han presterte veldig godt sist helg. Om han kan få det til, så må jo eg også klara det, smiler ho og legg til:

- At han leverer slik som han gjer, er til stor motivasjon for meg.

Målet til Ragnhild er å bli best på sikt. I år skal ho med i junior-VM.

- Det er det eg satsar på. For å klara det, må eg prestera i uttaksrenna, som i helga, seier ho.

Ragnhild gjekk berre sprinten i helga. Ho kunne ha delteke i fellesstarten, men det fekk ho ikkje lov til av trenaren.

- Me fekk berre gå eit løp. Eg ville sjølvsagt gå begge, men då eg såg kor langt me skulle gå på fellesstarten tenkte eg at det var like greitt å at eg ikkje fekk gå, seier ho.

Femsteinevik x5

Det blir spanande å følgja Ragnhild og Martin denne sesongen, og det er kanskje ikkje lenge til me blir kjende med fleire Femsteinevikarar. Syskenflokken på fem er alle ivrige på ski. Guro (11), Otto (14), Ragnhild (20) og Martin (21) er alle i gong med skiskyting

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men yngstebror Gitle er berre seks år. Han går på ski. Det er nok ikkje lenge til han startar med skiskyting òg, seier Ragnhild.