Vegard i fint driv i cupkampen som dei tapte for Haugesund sist veke.
Vegard i fint driv i cupkampen som dei tapte for Haugesund sist veke.

Stadfesta klar for Sogndal

Fredag ettermiddag skriv BA at Vegard Leikvoll Moberg no er klar for Sogndal.

Onsdag drog osingen til Sogndal for å sjå på tilhøva og eventuelt koma til semje med Tippeligaklubben på Fosshaugane om ein overgang frå Åsane.

Torsdag var det ein del uvisse om Vegard fekk sjansen til å gå frå Åsane i dette overgangsvindauget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg håpar, men eg er redd Åsane ikkje vil la meg gå no, sa 25-åringen til Bergens Tidende torsdag.

I dag ettermiddag ser det imidlertid ut til at ting har ordna seg.

 

Første sidan Bøyum

«Fredag kom klubbene til enighet om en avtale og Sogndal kjøper fri 25-åringen fra Os», skriv Bergensavisen.

Vegard Leikvoll Moberg vert dermed den første osingen som kjem til å spela Tippeligafotball for Sogndal sidan Geir André Bøyum fekk sine tilmålte minutt tidleg på 2000-talet.

25-åringen vert også, etter det «Os og Fusaposten» kjenner til, første eliteseriespelar frå Os, sidan Bjørn Dahl regjerte på høgrebacken i Brann og var med å vinna seriegull i 2007 og Bjarte Haugsdal hadde sine kampar for same klubb frå 2009-2011.

Ifølgje «Sogn Avis» håpar Sogndal-trenar Eirik Bakke at Vegard vert klar til heimekampen mot Bodø/Glimt søndag.