31. august er går starten av Tour de Fjords frå Os sentrum.
31. august er går starten av Tour de Fjords frå Os sentrum.

Start og passering i Os

Årets Tour de Fjords-ritt har start i Os sentrum. Proffsyklistane passerer også Øyro ein gong før dei køyrar mot Trengereid.

Det var stor stemning langs Byvegen då det 150-manns store Tour de Fjords-feltet passerte Os-bygda i fjor vår. I år er det store sykkelrittet flytta til seinsommaren, og starten av første etappe er lagt til Os sentrum.

- Det er me veldig glade for. Me kjem til å laga til ein flott ramme med scene og startområdet på torget. Deretter skal me heia fram syklistane på veg ut Bydraget mot Byvegen, fortel ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har påteke seg ansvaret med å vera koordinator for arrangementet her i Os.

- Det å få førsteetappen med start her er ekstra stas, men det følgjer også ein del arbeid. Me er mellom anna avhengig av mange frivillige frå lag og organsisasjonar for å få kabalen til å gå opp. Men det skal me klara, seier han.

Borneritt i sentrum

Før rittet startar vert det sykkelritt for born i Os sentrum. Løypa vil gå frå torget, via Baronsplassen, Kyrkjeflaten og Landboden-vegen før målgang på torget igjen.

- Me vil laga til ein del stands for det lokale næringsliv i området rundt torget denne dagen. Elles vil syklistane få eiga parkerings/klargjeringsplass ved Essoen. Om nokon har håp om å få helsa på ein sykkelstjerne eller to, så er det altså der ein kan møta desse, fortel Søviknes.

Rundt rundt Fanafjellet

Rittet startar i Os sentrum onsdag 31. august. På førsteetappen syklar ryttarane nordover på Byvegen før dei tek seg over Fanafjellet og tilbake til Os via Lyseklostervegen.

Etter passering Os går resten av den totalt 212 km lange etappen via Rolvsvågen til Trengereid, Arna, Åsane og inn til Bergen. Her vil dei avslutta med eit par rundar i løypa for sykkel-VM 2017.

- Me mobiliserer stort for å laga liv langs løypa denne dagen. Det er god PR for Os om me lagar ein flott folkefest for dette arrangementet. Sjølv mobiliserer me alle barnehagar og skuler i bygda, så får me resten av osingane hiv seg med, og at det lokale næringsliv lét sine tilsette stikka hovudet ut av døra slik at dei kan heia litt dei også, humrar Søviknes.

Fem etappar

Tour de Fjords går i år over fem etappar. Den andre går frå Stord til Odda, den tredje frå Ulvik til Suldalsosen, den fjerde frå Stavanger til Sandnes, før den femte og avgjerande går frå Hinna Park til Stavanger sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bilettekst:

31. august går starten av Tour de Fjords frå Os sentrum.