Stig Gamlemshaug (i midten her) vann jubileumsturneringa med 42 poeng. Til venstre Åse Bauge. Til høgre Gunnar Holm og Jørgen Blix.
Stig Gamlemshaug (i midten her) vann jubileumsturneringa med 42 poeng. Til venstre Åse Bauge. Til høgre Gunnar Holm og Jørgen Blix.

Stilfull markering av 75- årsjubileet

Laurdag feira Os Bridgeklubb 75-årsjubileum med turnering og gallamiddag.

Os Bridgeklubb vart starta 22. oktober i 1940. Dei første spele-samlingane fann stad i Os Privatbank sine lokale, på tannlege Skorpen sitt venterom på Osøyro.

- Under den tyske okkupasjonen var det avgrensa organsiasjons- og idrettsliv i Os. Men bridge fekk ein lov til å spela. Dermed såg ei gruppe entusiastar høve til å starta Os Bridgeklubb, fortel dagens leiar i klubben, Anne Merete Heggland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho trekkjer fram Lars Bastiansen som ein av dei viktigaste initiativtakarane.

- Lars fekk i gang klubben. Han vart også klubbens første formann, fortel Heggland, om mannen som spelte bridge i Os til han var over 90 år.

Pengepremie

75-årsjubileet vart arrangert i to etappar på Bjørnefjorden Gjestetun. På føremiddag var det intern bridge-turnering. På kvelden var det gallamiddag med talar og utdeling av premiar og diplom.

Leif Juvik fekk diplom og heider for å vera ei lokal bridge-eldsjel.
Leif Juvik fekk diplom og heider for å vera ei lokal bridge-eldsjel.
33 medlemer var med på jubileumsmiddagen på Bjørnefjorden Gjestetun laurdag kveld. (Privat foto)
33 medlemer var med på jubileumsmiddagen på Bjørnefjorden Gjestetun laurdag kveld. (Privat foto)
18 år gamle Thea Hauge er medlem av Os Bridgeklubb og landslagsspelar.
18 år gamle Thea Hauge er medlem av Os Bridgeklubb og landslagsspelar.

- Me kunne sjølvsagt ha invitert andre klubbar til turneringa, men me synest det var kjekt å ha ei samling berre for våre eigne medlemer. Totalt deltok 24 spelarar. Vinnar vart Stig Gamlemshaug, fortel Heggland.

Han vann med 42 poeng framfor Linda Rasmussen med 40 og Bjørn Hauge med 32.

- I høve jubileet vanka det pengepremiar denne gongen. Dei beste fekk seg ein sjekk etter middagen, fortel Heggland.

Fortent heider

Klubben heidra også sitt mangeårige medlem Leif Juvik. Han fekk diplom for å vera ei super lokal bridge-eldsjel.

- Norsk Bridgeforbund deler årleg ut ein pris til årets bridge-eldsjel i Noreg. Her var Leif Juvik nominert utan å nå opp. Då han berre vart nummer to i denne kåringa, meinte me at det var på sin plass at me gjorde det her lokalt. Leifen er ein fantastisk kapasitet for klubben vår. Det skulle berre mangla at me ikkje gav han fortent heider, seier Heggland om mannen som for fire år sidan også vart æresmedlem av klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

God rekruttering

Dei siste åra har bridgeklubben halde til i Os Eldresenter sine lokale i Hamnevegen. Per dags dato har klubben 36 medlemer.

- Me jobbar kontinuerleg med rekruttering, og faktisk går det ikkje så verst. No i haust har me fått seks nye medlemer. Ekstra gledeleg er det at fleire av dei nye er ungdom, seier Heggland.

Ho ser ikkje bort frå at stortalentet Thea Hauge kan vera grunnen til at fleire unge prøver seg.

- Det er stas for oss som klubb at Thea er på landslaget. Me er stolt over det, avsluttar Heggland.