Pris må feirast med kake, og kateket Hildur Løkken Lillestøl fekk æra av å spretta henne. Ved siden av sit kyrkjelydsarbeidar Hege Varhaug-Lekven, som hadde ideen, samt Eli Bjånes, Geir Bjånes og Norvald Kobbeltvedt som alle har vore aktivt med i arbeidet.
Pris må feirast med kake, og kateket Hildur Løkken Lillestøl fekk æra av å spretta henne. Ved siden av sit kyrkjelydsarbeidar Hege Varhaug-Lekven, som hadde ideen, samt Eli Bjånes, Geir Bjånes og Norvald Kobbeltvedt som alle har vore aktivt med i arbeidet.

Stolte prisvinnarar feira med kake

- Vi vann noregsmeisterskapen i trusopplæring! Det er vi veldig stolte over, seier kyrkjeverge Gerhard Hansen.

Fredag vart trusopplæringsprisen feira med god lunsj og kake i lokala til Os kyrkjekontor.

Dei inviterte var tilsette, saman med kunstnarar og andre støttespelarar som har vore involverte i det prisvinnande tiltaket «Skapingsdagane».

Artikkelen held fram under annonsen.

Hansen innleia lunsjen med nokre ord om kva prisen betyr.

- Dette er ei anerkjenning og oppmuntring til oss. Samtidig gir vi inspirasjon til at tiltaket kan arrangerast andre stader i kyrkje-Noreg, noko som gir ein ny dimensjon til orda "Gud gir, vi deler", seier han, og meiner prisen truleg er ei "once in a lifetime"-oppleving.

- Får frysningar

Ideen til Skapingsdagane var det kyrkjelydsarbeidar Hege Varhaug-Lekven som hadde, medan kyrkjelydspedagog Gro Helen Blindheim Skjælaaen fekk oppgåva med den praktiske gjennomføringa, då idéhavaren var i permisjon når det var tid for iverksetjing.

Kakefest.
Kakefest.
Kateket Hildur Løkken Lillestøl og kyrkjelydsarbeidar Hege Varhaug-Lekven med sjølve prisen, eit bilete av kunstnaren Helge Bøe.
Kateket Hildur Løkken Lillestøl og kyrkjelydsarbeidar Hege Varhaug-Lekven med sjølve prisen, eit bilete av kunstnaren Helge Bøe.
Gerhard Hansen snakka om kva prisen betyr til dei fremmøtte på lunsjen.
Gerhard Hansen snakka om kva prisen betyr til dei fremmøtte på lunsjen.
Bilete tekne med pinholekamera under Skapingsdagane i sommar.
Bilete tekne med pinholekamera under Skapingsdagane i sommar.

På kontoret sitt har Blindheim Skjælaaen hengande ei serie bilete teke av ungane på fotogruppa frå Skapingsdagane.

- Er det ikkje imponerande? Bileta er tekne med såkalla pinholekamera, laga av ei pappeske, forklarer ho engasjert.

Ansvarleg for fotogruppa var Knut Inge Johnsen. Han laga også eit såkalla kamera obskura (holkamera eller ei enkel form for avteikningsmaskin) der heile det eine rommet i Kyrkjetunet fungerer som kamera, med linse ut mot kyrkjeflaten, som projiserte utsikta inn i rommet igjen.

- Eg får frysningar når eg tenkjer tilbake, stemninga var heilt magisk der inne, seier Blindheim Skjælaaen.

Knyter kunst og bibel saman

Ei rekkje kunstnarar var involverte i tredagars-tiltaket for 1. og 2. klassingane i Os, som går av stabelen i starten av skulane sin sommarferie, og er eit supplement til andre sommarskuletilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skapingsdagane har eksistert i to år, og i år deltok 75 barn.

Ideen er å la borna knytta kunst og bibelforteljing saman gjennom å skapa sjølve. Dagane vert avslutta med ei skapingsgudstjeneste.

Dei andre kunstnarane som var med er Vidar Bratlund Mæland med måleri, Eli Bjånes med leire og keramikk, Julia Agate Erstad Bergesen med kreativ dans, Lars Kolstad med trommegruppe og Edle Lunde med teatergruppe.

Fleire andre har også vore viktige aktørar, deriblant tiltaksfadrane Haldis Børretzen Omdahl, Hilde Marie Skjælaaen Hansen, Geir Bjånes, Inger Kobbeltvedt og Norvald Kobbeltvedt.

- Kjendes fortent

Prisen vart delt ut under trusopplæringskonferansen i Lillestrøm. Dit drog Hege Varhaug-Lekven, Gro Helen Blindheim Skjælaaen, kateket Hildur Løkken Lillestøl og Edle Lunde som representant for kunstnarane.

- Det var stort å ta imot prisen. Eg tenkte også at no får vi synleggjort arbeidet vårt, seier Blindheim Skjælaaen.

- Eg måtte summa meg litt då eg fekk beskjeden om at vi vann. Det var både stas og overraskande og eg synest verkeleg vi fortente prisen, seier Varhaug-Lekven som hadde ideen.

Kateket Løkken Lillestøl måler eit beskrivande bilete av korleis det heile opplevdes:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er jo som å føda ein baby, så kjem folk og seier "sjå, kor fin!".

Samtidig kjenner Varhaug-Lekven at prisen er ei påminning om at "nokon" burde vore meir merksame på dei.

- Eg syns jo det er dumt at Os kommune ikkje har sett verdien. Ein ting er at dei ikkje ville bidra med midlar, men vi inviterte dei til å koma og sjå kor flott opplegg vi hadde laga til for ungane i kommunen. Men dei kom ikkje, seier ho, tydeleg skuffa.

Både ho og dei andre involverte håper prisen bidreg til at kommunen med fleire får augene opp for verdien av Skapingsdagane.