Jenter 15 frå Strandvik IL har grunn til å jubla etter ei knallhelg på Sotra.
Jenter 15 frå Strandvik IL har grunn til å jubla etter ei knallhelg på Sotra.

Strandvik storspelte på Sotra

Jenter 15 vann alle sine kampar under tredje serierunde i volleyball i helga. No gler Strandvik-jentene seg til NM i mars.

Strandvik IL stilte med heile fem lag under helgas tredjerunde i volleyball på Sotra.

Og mest av alt imponerte Jenter 15. I konkurranse med 14 andre lag, vann dei alle kampane og sikra seg fyrsteplass i serien.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ekstra imponerande er det fordi laget har fleire skadde spelarar. Utan innbytarar slo dei likevel alle, seier ein strålande nøgd lagleiar, Lena Aasmul.

- Ei perfekt oppkøyring til NM i Kristiansand i mars, legg ho til.

Om ikkje Gutar 15 var like suverene, gjorde dei likevel mykje bra og vann tre kampar. Dei tapte for sterke lag som Nyborg og Strand Ulv, men enda likevel på ein sterk tredjeplass totalt.

- At gutane gjer det bra, er ekstra kjekt. Det er med på å auka rekrutteringa til idretten på gutesida, seier Aasmul.

Storeslem

Søndag tok Jenter 17 I storeslem i sin klasse og vann alt. Dermed er dei klare for fyrstedivisjon.

Også Jenter 17 II vann rubbel og bit.

- Dei spelte ein fantastisk kamp. Det er verkeleg kjekt å sjå utviklinga til eit lag der mange er relativt nye, seier Aasmul.

Gutar 17 er eit blanda lag der fleire kjem frå yngre årsklassar. Denne gongen vann dei to kampar og enda på fjerdeplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Imponerande nok tok dei eit sett mot Rosvold. I tillegg tok dei fleire poeng enn nokon gong før mot både Rosvold og Nyborg som er dei to dominerande laga. Det er ein sterk prestasjon, seier Aasmul til slutt.