Du kan no sjå bilete frå Sundvorsamlinga i Kommunetunet.
Du kan no sjå bilete frå Sundvorsamlinga i Kommunetunet.

Sundvorutstilling i Glasgato

Sundvorsamlinga med historiske foto, som tidlegare vart presentert på kystsogedag i Engevik, vert no å sjå i Glasgato på Kommunetunet.

Utstillinga syner eit utval av historiske bilete etter bygdefotograf Einar Sundvor (1899-1963). Sundvor var aktiv med kameraet sitt gjennom fleire tiår og har dokumentert folk og landskap.

Det var stor interesse rundt Sundvor-samlinga på kystsogedagen 28. august. Dei som ikkje fekk med seg utstillinga på kystsogedagen får no eit nytt høve. Utstillinga er open i opningstida til Kommunetunet og ved laurdagsope bibliotek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johanna Ljones ved kulturkontoret i Fusa arbeider med å identifisera både stadar og personar på bileta. Nye brikker kjem stadig på plass, men framleis står mykje att. Vi veit at Einar Sundvor farta rundt med fotoutstyr i fleire bygder i Fusa og i nabokommunane Tysnes, Kvinnherad og Kvam. Mellom anna er det ei stor samling portrett som truleg er teke i samband med identitetskort under 2. verdskrigen. Fleire av desse er tysnesingar.

Har du slektningar i dette området kan du kanskje hjelpa til med identifiseringa?

Utstillinga vil stå ut oktober.

Er det nokon som kjenner denne familien?
Er det nokon som kjenner denne familien?

Fusa kulturkontor