Ifølgje forskar Sigbjørn Grønås kan havet stiga så mykje som med seks til ni meter dersom me ikkje gjer noko radikalt med klimapolitikken.
Ifølgje forskar Sigbjørn Grønås kan havet stiga så mykje som med seks til ni meter dersom me ikkje gjer noko radikalt med klimapolitikken.

Svar til Sigbjørn Grønås sin artikkel «Havet vil stiga»

Eg har ofte tenkt at eg skulle delta i debatten om klimatrugselen, men det har ikkje blitt til før no.

Eg følgde godt med i Bergens Tidende for nokre år sidan, då det var fleire innlegg av blant andre Sigbjørn Grønås og Helge Drange. Dei fekk motinnlegg frå Einar Sletten, min tidlegare rettleiar ved Kjemisk Institutt ved Universitetet i Bergen. Av uviss årsak forsvann han ut av debatten, men han fekk vel mykje motbør frå "klimaspesialistane".

Så til artikkelen av Grønås. Han nemner Naomi Klein, og om henne er vi samde når det gjeld hennar syn på "nyliberalismen" og kreftene bak. Klein er ein journalist frå Canada. Ho har gjeve ut fleire bøker, som er noko av det beste eg har lese om emnet ho skriv om. I 2007 kom boka, "Sjokkdoktrinen", der ho skriv at nyliberalismen har øydelagt verdsbefolkninga og demokratiet. Boka er omset til norsk, og kom ut på Oktober Forlag i 2008.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pensum

Eg er samd i at denne boka burde vore pensum ved NHH. Men ikkje bare der, også på grunnskulen og vidaregåande skule. Kanskje det er på tide og endra pensum i den norske skulen.

Grønås etterlyser meir debatt om klima. Det er eg samd med han i, men sikkert ut frå ulike premissar.

Det meste av nyhende om klima vert støtta av FNs klimapanel, og består ofte av "dommedagsprofetiar" slik som biletet i artikkelen til Grøånås.

Eg er ingen klimaspesialist, men eg kan lesa, og eg er god til å finna informasjon frå alternative kjelder, så som på internett o.l.

Etter å ha følgd debatten i nokre år og leitt etter "sanninga", er eg komen fram til at ståstaden til deltakarane i debatten er avhengig av kvar dei får informasjonen sin frå. Dei fleste som forsvarer FNs klimapanel får informasjonen sin frå FN, ja nettopp, og frå massemedia, slik som NTB og Reuters. Men, som lesar av denne artikkelen seier du kanskje at vi må jo stola på FN. Ja, monn det. Les kva norgesaksjonen.no seier om FNs Agenda 15 og Agenda 2030. FN er styrt av dei same kreftene som Naomi Klein skriv om.

Tabuemne

Men Aftenposten, Dagbladet, BT osv. kan vi stola på, seier du. Nei, vi kan ikkje det. Dei får også informasjon frå dei same kjeldene. Eg seier ikkje at alt som vert sagt i massemedia er usant, men mykje er det.

Det som verre er, er alt dei ikkje skriv om. Det finst ei liste over "tabuemne" som massemedia ikkje skriv om. Det finst eit blad som heiter Nexus, som kjem ut 12 gongar i året, der kvart nummer inneheld emne som ikkje er omtala i massemedia. Ofte frå offentlege organ.

Så over til mine kjelder. Ei av kjeldene mine skriv om Nordklim, som sikkert Grønås kjenner til. "Nordklim - de nordiske lands samarbeid om klimaforståelsen" er tittelen på ein artikkel. Arbeidet i komiteen er samanfatta i ein rapport frå DMNI (Det norske meteorologisk Institutt i Oslo, nå MI) rapport nr. 8, 2001. Denne rapporten viser at klimaverkelegheita er snudd på hovudet frå 2001 til 2015. Det som i dag vert kalla "menneskeskapte klimaendringar" vart i 2001 kalla naturlige variasjonar av ulike årsaker. Menneskeskapte utslepp vart ikkje nemnt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar er temperaturrekorden?

Eg tek med to klipp til som illustrerer litt av problema for "klimaspesialistane". I eit innlegg frå Grønås frå 11.februar 2008 skriv han (eg siterer): "Eg vil seia at rekordar må koma i god tid før 2015. Dersom dette ikkje skjer, er det noko som ikkje stemmer i kunnskapen om klima og klimaendringa".

Ja, vel ja. Det er enno ikkje kome noko temperaturrekord i 2015. Sitatet er henta frå Jostemikk sin artikkel på jostemikk.com frå 30.april 2015.

Ein annan som uttalte seg i 2007 var Al Gore. Før han fekk Fredsprisen i 2007 sa han følgjande frå talarstolen: "Innan fem til sju år vil Nordpolen (Antarktis) vera fri for is".

Ja, vel ja. Etter det eg kjenner til er det framleis is på Nordpolen.

Al Gore (som er ein av "guruane" blant mange tilhengjarar av FNs klimapanel) høyrer også til dei kreftene som Naomi Klein åtvarar mot.

Ei anna kjelde eg kan referera til er ein tidlegare tilsett ved Universitetet i Agder, fysikar Stein Bergsmark. Han har eit times langt føredrag på hegnar.no ved journalist Stein Ove Haugen den 30. mai 2016. Tittelen på innslaget er: "Fysikar kler av hele klimapanelet". Ein fornøyeleg video.

Miljø-/klimaproblem

Eg vil også nemna at vi må skilja mellom miljø- og klimaproblem. Sjølv om det kan synest som om det er to sider av same sak, er det to ulike ting. Når det gjeld miljøaktivistane, støttar eg dei fullt og heilt på det som vert kalla miljøproblem, slik som vi har i dei største byane.

Det eg no vil skriva om, ser ut som eit paradoks, og det er det også. Det finst menneskeskapte klimaendringar, men dei er ikkje skapt av menneska som Grønås meiner, men av kreftene Naomi Klein viser til. For å illustrera dette tek eg med ein artikkel frå 1966.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1966 skildra den verdskjente vitskapsmannen Gordon MacDonald bruken av (eg siterer): "Værmanipulasjoner, klimamodifikasjoner, smelting eller destabilisering av iskappene på polene, ozonlagsforringelsesteknikk, jordskjelvmaskiner, havbølgekontroll og hjernebølgemanipulasjon, ved å bruke planetens energifelter".

Snakk om å vera forut for si tid. MacDonald sa også at visse typar våpen ville verta utvikla, og når dei vart nytta, ville dei praktisk tala vera uoppdagelege for offera. (Kjelde: Unless Peace Comes; kapittel "How to Wreck The Environment" ).

Største bløff i dette århundret

Eg skriv ikkje denne artikkelen for å overtyda Grønås og hans meiningsfellar. Det trur eg er nyttelaust. Dei lever i sitt eige paradigme i ein A-4 boks som er vanskeleg å koma ut av. Nei, eg vender meg til lesarane av denne avisa.

Dei skal få vite at det finst anna informasjon om klimakrisa, som er undertrykt i massemedia. Så kjære lesar, still spørsmål, leit og grav på nettet, i bøker, blad osv. På internett er det vanskeleg å skilja mellom skit og kanel, men har du ei fordomsfri innstilling, vil du finna gullkorn.

Konklusjonen min er som følgjer: FNs klimapanel er den største bløffen i dette århundret, på same måte som bankbløffen var den største bløffen i førre århundre.

Ha ein god dag og tenk meir på miljøtrugselen enn på klimatrugselen.

Njål Eidhammer