Desse damene spelar golf kvar onsdag. Sommar som vinter.
Desse damene spelar golf kvar onsdag. Sommar som vinter.

Svingar kølla i kulda

Dei som trur at golf er ein sommaraktivitet tek feil. På Bjørnefjorden Golfklubb er ivrige golfarar i sving også om vinteren.

Ingebjørg Klepsvik, Mette Moldeklev Lunde og Toril Søfteland er blitt kjent gjennom Bjørnefjorden Golfklubb. No samlar dei seg kvar onsdag for å spela golf. Toril starta å spela golf for fire år sidan.

- Eg starta med golf for å bli kjent med folk, og fordi eg hadde lyst til å prøva golf, seier Toril.

Artikkelen held fram under annonsen.

Damene har spelt golf også om vinteren heilt sidan dei starta med golf.

- Det er godt å koma seg ut å gå, sjølv på vinteren, seier Ingebjørg.

- Bjørnefjorden Golfklubb er ein av få klubbar i Bergen som har ope om vinteren. Det er mykje betre å gå ute enn å stå inne med simulatoren og slå ballar mot eit lerret, supplerer Toril.

Ingebjørg Klepsvik, Mette Moldeklev Lunde og Toril Søfteland har spelt golf saman i mange år, og håpar at fleire damer ønskjer å bli med.
Ingebjørg Klepsvik, Mette Moldeklev Lunde og Toril Søfteland har spelt golf saman i mange år, og håpar at fleire damer ønskjer å bli med.
Dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Per-Ove Bahus Lysvold, fortel at "Urd" har laga problem på golfbanen. - Stormen felte nokre tre. Det er ei utfordring med å rydda opp. Det arbeidet skal vi i gang med i januar, seier Lysvold.
Dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb, Per-Ove Bahus Lysvold, fortel at "Urd" har laga problem på golfbanen. - Stormen felte nokre tre. Det er ei utfordring med å rydda opp. Det arbeidet skal vi i gang med i januar, seier Lysvold.

Golf i snø og sludd

- Kan ein spela golf sjølv om det snør?

- Det har hendt at det har vore grønt når vi har starta, og mot slutten har det vore kvitt på banen. Det er utfordringar med snø, sludd og is på banen om vinteren. Ballane fyk litt her og der, men då tek vi det for turen sin del, og går rundt og trener på "svingen", seier Mette.

Om vinteren får dei ikkje slå ut frå graset. Dei må ta i bruk mattene. Greenene er også på ein annan plass, for å spara på graset, som ikkje gror om vinteren.

- Men vi går like mange hol som om sommaren, seier Astri.

Reglane er også litt annleis i vintermånadene. Mette sin ball landa heilt inntil eit tre, men ho får flytta ballen ei køllelengde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hadde det vore sommar, ville eg fått eit straffeslag. Slik er det ikkje om vinteren, seier Mette.

Damene legg til at dei gjerne ser fleire damer på den faste samlinga kvar onsdag.

- Om alle er tilstades, er vi om lag 20 damer i sving. Det er damer i alle aldrar. Vi håpar at endå fleire ønskjer å vera med. Dette passar også for nybyrjarar. Ein må ikkje vera ein røynd golfar for å vera med, seier Toril.

Spelarane tek vare på banen

Per-Ove Bahus Lysvold har vore dagleg leiar på Bjørnefjorden Golfklubb i snart eitt år. Han fortel at det er lang tradisjon med vintergolf på Hauge.

- Det blir alltid spelt på banen, så sant det ikkje er snø. Kan vi bruka banen, så gjer vi det. Som du ser er det ein del spreke folk ute og nyter desse dagane med brukbart vêr. For å spara på sommargreenen, har vi laga ein eigen vinterbane, seier Lysvold.

Vedlikehaldet er meir utfordrande om vinteren. Då er det godt at medlemmene tek omsyn.

- Det er opp til spelarane å ta vare på banen. Dei tek i bruk mattane, og bruker peggar for å skåna graset, seier Lysvold.

Vil oppgradere footgolf-banen

Anlegget er i bruk heile året, men det er fleire som spelar golf om sommaren enn om vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er nok vesentleg færre som spelar om vinteren, samstundes er det bra aktivitet her. Det er lite gjestespelarar, men dei mest ihuga faste medlemmene er faste brukarar sjølv om vinteren, seier Lysvold.

- Skjer det elles noko spanande her på Hauge i vintermånadane?

- Det skjer ikkje så mykje nett no. Stormen felte nokre tre. Det er ei utfordring med å rydda opp. Det arbeidet skal vi i gang med i januar. Vi har elles eit ønskje om å oppgradere footgolf-banen, ved å leggja til ekstra utfordringar. I tillegg vil vi flytta footgolf-banen inn på golfbanen. Det vil føra til ein ny dimensjon for begge partar, seier Lysvold.