Teke for promillekøyring

Ei kvinne i 30-åra vart fredag kveld fråteke sertifikatet etter mistanke om promillekøyring.

Det var ein forholdsvis roleg kveld for betjentene til Os lensmannskontor fredag, men to gonger måtte dei ut og agera. 

Det først tilfellet var i 23-tida like utanfor Os sentrum, der betjentene stoppa ei kvinneleg bilist, etter mistanke om promillekøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Betjentene køyrde etter kvinna etter å ha blitt kontakta av ein observant meldar. Då dei stoppa kvinna vart mistanken om promillekøyring ytterlegare forsterka. Ho vart dermed fråteke sertifikatet på staden, og teke med til legevakta for å avleggja blodprøve, fortel Kristine Grindstein ved Os lensmannskontor.

Andre gong politiet måtte reagera var i 03-tida natt til i dag. Etter melding om bråk i sentrum påtreffte politiet ein mann i slutten av tenåra, og såg seg etter kvart nøydde til å bortvisa han frå sentrum.

- Det var nok eit tilfelle av tumult mellom denne unge mannen og ein annan. Om det vart slåsting kan eg ikkje sjå ut frå loggen, men det ser i alle høve ut til at lensmannsbetjentene våre løyste opp i det heile då dei kom til litt over klokka 03 i natt, seier Grindstein.