Konserten under Osfest vert den einaste sommarkonserten til Marcus og Martinus i bergensområdet neste år.
Konserten under Osfest vert den einaste sommarkonserten til Marcus og Martinus i bergensområdet neste år.

Tenåringsidola kjem til Osfest

Tenåringsidola Marcus og Martinus selte ut Oslo Spektrum to gonger på 18 minutt. No er dei klare for Osfest 2016.

Dette vert den einaste sommarkonserten deira i bergensområdet til neste år. Dei to opplever ein fantastisk suksess blant born og ungdom, og har selt ut sjølvaste Oslo spektrum to gonger.

Konserten under Osfest vert laurdag 6. august på dagtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Billettane blir lagt ut for sal på Billetservice i ettermiddag.

Konserten blir på storscenen.

- Dette er eitt av grepa vi tar for at Osfest skal kunna bli en folkefest, også på dagtid, seier Ole-Reinert Berg Olsen.

Han legg til at dei med dette ønskjer å utfordre Os Sentrumsforeining til å køyra marknadsdager under Osfest 2016.

Osfest gjer merksam på at konserten med Marcus og Martinus er eit eige arrangement som ikkje vert omfatta av festivalpasset til Osfest.

På resten av festivalprogrammet har born under 13 år gratis entré og det vert ungdomsfestivalpass til dei som er 14-17 år.